Heidi Granli i Gol. (Arkivfoto)
Heidi Granli i Gol. (Arkivfoto)

Ringjer alle i Gol

Dei aller fleste golingar kjem til å bli ringt opp og spurt kva dei meiner om kommunesamanslåing med Nes.

Det opplyser ordførar Heidi Granli i Gol. Meiningsmålingsbyrået Opinion vil starte med telefonintervju torsdag 26. mai og vil halde på i to veker. Måndag 13. juni skal resultatet av undersøkinga vere klart.

Ti telefonar gir eitt svar

Granli seier innbyggjarsøkinga skal romme svar frå minimum 400 personar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunen ønskjer helst at dei hentar inn svar frå fleire, inntil 500 personar, seier ho.

Men ifølgje Opinion kan det bli vanskeleg å få svar frå så mange. Erfaringsmessig treng dei eit bruttoutval som er ti gonger større enn nettoutvalet dei sit att med. Sagt på ein annan måte: Byrået må ringe ti telefonar for å hente inn eitt svar.

Også 16-åringane blir spurt

Viss tommelfingerregelen stemmer, må dei ringe 5000 golingar for å finne 500 som er villige til å svare. Så mange stemmeføre er det ikkje i Gol.

Ved kommune- og fylkestingsvalet i haust var det 3594 røysteføre i kommunen. Men denne gongen kjem også 16- og 17-åringar til å bli spurt kva dei meiner om kommunesamanslåing. Dersom det er stort engasjement og høg svarvilje, vil det vere råd å klare fleire enn 400 intervju, har Opinion opplyst til kommunen.

– Eg trur dei fleste golingar må vere budd på å bli ringt opp, seier Granli.

Vil unngå mobilisering

Ein av grunnane til at politikarane i Gol forkasta folkerøysting til fordel for telefonintervju, var at telefonintervju opnar for meir nyanserte synspunkt enn eit enkelt «ja» eller «nei».

– Kva kjem folk til å bli spurt om?

– Etter tilråding frå Opinion vil me ikkje offentleggjere spørsmåla på førehand, seier Granli. Opinion opplyser at undersøkinga kan få ei slagside dersom spørsmåla er kjent. Ved å halde spørsmåla hemmeleg, vil dei unngå at den eine eller andre sida mobiliserer og samkøyrer svara.

Artikkelen held fram under annonsen.

Folkemøte og inforskriv

Innbyggjarane kan skaffe seg informasjon om kommunereforma gjennom to rundar med folkemøte. Fyrste runde startar neste veke med møte i Nes 2. mai og i Gol 4. mai.

– Møta er opne for innbyggjarar frå begge kommunane, seier Granli. Begge kommunane vil ha eit nytt folkemøte 25. mai. I perioden mellom fyrste og andre runde, vil alle husstandar få tilsendt eit infoskriv.

– Me vil lage ei punktvis liste om kva som er konsekvensane av å stå aleine og kva som er konsekvensane av å slå saman dei to kommunane. Dette er berre eit samandrag. Heile intensjonsavtala kjem til å liggje på kommunane sine heimesider, seier ho.