Åling og riksmeklar, Nils Terje Dalseide, er død.
Åling og riksmeklar, Nils Terje Dalseide, er død.

Riksmeklar Nils Terje Dalseide er død

Riksmeklar Nils Terje Dalseide er død. Han vart 65 år gamal.

Dalseide voks opp i Ål, men har sidan han i 1992 vart sorenskrivar i Sør-Østerdal tingrett budd i Elverum. Dalseide har vore meklar hjå riksmeklaren sidan 2004 og har vore riksmeklar sidan 1. september 2013.

– Dalseide har vore høgt respektert av partane i arbeidslivet, og har som riksmeklar gjort ein stor og viktig samfunnsinnsats. Dalseide vil bli djupt sakna av meklarane og dei tilsette ved riksmeklarens kontor, fortel riksmeklarens faste stedfortreder Kine Steinsvik til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) deler Steinviks respekt for den avdøde riksmeklaren.

– Det er med sorg me har motteke bodskapen om riksmeklar Nils Terje Dalseides altfor tidlege bortgang. Nils har gjennom sin klokskap, og evne til å skape tillit mellom partane i arbeidslivet, bidratt til å lose ei rekkje vanskelege oppgjer i hamn på ein god måte, seier ho i ein e-post til NTB.

– Nils Dalseide har hatt ei viktig rolle i norsk arbeidsliv, og bidratt blant anna med ei eineståande evne til å løyse vanskelege situasjonar og eit stort engasjement for å utvikle riksmeklarens rolle, seier ho vidare.

– Eg er takknemleg for Nils Dalseides store innsats. Våre varmaste tankar går til hans familie, seier statsråden.