Ole Kristiansen, Arne Pålgardhaugen, Kevin Eikrehagen og Jørn Gudbrandsen vil få «Geilo ut av skuggen» som skidestinasjon.
Ole Kristiansen, Arne Pålgardhaugen, Kevin Eikrehagen og Jørn Gudbrandsen vil få «Geilo ut av skuggen» som skidestinasjon.

Rike onklar har tatt over

30 millionar kroner er for småpengar å rekne for selskapa som eig Geilo Holding AS.

Bak Geilo Holding AS står Kikut Eiendom (Pålgardhaugen) og Fredensborg AS, kvar med sin halvpart.

Kikut Eiendom AS står bokført med null i driftsinntekter i 2016 og eit negativt driftsresultat på like under ein million. Med finansinntekter på 90 millionar hamna årsresultatet likevel ut på 87 millionar kroner, som i all hovudsak gjekk til å styrke eigenkapitalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Fredensborg omsette Ivar Tollefsen for ikkje mindre enn 1,7 milliardar kroner i fjor. Det er likevel lite om ein ser på finansinntektene som passerte fem milliardar. Sjølv etter skatt på ein milliard vart årsresultatet 4,1 milliardar kroner.

Med ein slik allianse er det ikkje så vanskeleg å forstå at 30 millionar kroner til samarbeidsprosjektet Geilo Holding, for vedlikehald og nødvendige oppgraderingar, ikkje byr på særleg store vanskar.

Det store spørsmålet er kva som skjer vidare, men dette vil ikkje Pålgardhaugen vere konkret på.

– Me tek eitt skritt om gongen. Målet er at drifta skal vere økonomisk berekraftig. Ambisjonane er å kome tilbake som ein dominerande skidestinasjon, seier han.