Returpunkta på Golsfjellet er ikkje dimensjonerte for å ta unna alt av avfall med så stor trafikk som denne jula.
Returpunkta på Golsfjellet er ikkje dimensjonerte for å ta unna alt av avfall med så stor trafikk som denne jula.

Renovasjonsbilane på høggir: – Smekk fullt kvar dag

Renovasjonsbilane til Hallingdal Renovasjon rekk knapt å tømme avfallspunkta før dei er fulle att.

Som driftsleiar for renovasjon i Hallingdal Renovasjon IKS Torgeir Vestenfor seier:

– Me køyrer alt me kan. Kikut på Geilo og Trondrud i Nes er dei to travlaste. Der er det smekk fullt kvar dag. Men me klarar å halde unna med ein bil kvar dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje dimensjonert

Fredag ettermiddag fekk Hallingdølen tilsendt bilete frå Golsfjellet.

Også her er returpunkta fulle. På Golsfjellet hentar Hallingdal Renovasjon avfall annankvar dag.

– På Golsfjellet er det vanlegvis nok. Men no er det så mykje avfall blir det fullt her også. Punkta på Golsfjellet er ikkje dimensjonerte for å ta trafikktoppane som er no, seier Vestenfor, som fredag ikkje hadde fått klager frå dette området.

Returpunkta på Golsfjellet er ikkje dimensjonerte for å ta unna alt av avfall med så stor trafikk som denne jula.
Returpunkta på Golsfjellet er ikkje dimensjonerte for å ta unna alt av avfall med så stor trafikk som denne jula.

– Er det meir folk her no i jula enn før?

– Eg har ingen tal. Men det blir meir og meir. I år er det lang juleferie også. Då kom dei opp før, og då vart me tekne litt på senga. Det har vorte ekstra mykje i år, seier Vestenfor.

Travelt

No rustar Hallingdal Renovasjon seg til årets travlaste dagar:

Nyttårshelga.

– Normalt er nyttårshelga tøffast. Når 2. januar er vanleg arbeidsdag, skal alle heim 1. januar. No har me litt problem med to av renovasjonsbilane som me arbeider med å løyse, seier Vestenfor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men, understrekar han:

– Me er betre førebudd enn nokon gong.