Gry Herland, mottaksleiar på Langeset asylmottak for einslege mindreårige i Hemsedal, informerer om korleis saksgangen er. (Arkivfoto)
Gry Herland, mottaksleiar på Langeset asylmottak for einslege mindreårige i Hemsedal, informerer om korleis saksgangen er. (Arkivfoto)

Rekordlåg tilstrøyming

Ikkje sidan 1997 har det kome færre asylsøkjarar til Norge. Dei feste mindreårige kom i fjor frå Afghanistan.

I 2016 kom det 3460 nye asylsøkjarar til Norge. I 2015 kom det ti gonger så mange, melder UDI.

Asylsøkjarane kom frå til saman hundre ulike land, men desidert fest frå Eritrea (586), Syria (529) og Afghanistan (373).

Artikkelen held fram under annonsen.

Av 320 mindreårige var 128 frå Afghanistan (40 prosent).

Men sjølv om det kom relativt få nye søknader, inn hadde UDI nok å gjere med å få unna eldre saker. Av dei asylsøknadane UDI avgjorde i fjor, var brorparten registrert i 2015.

Årsstatistikken viser at 23.270 saker vart behandla. To av tre fekk opphald, av ulike slag, mens 5966 fekk avslag.

Om ein ser på oversikta for einslege mindreårige asylsøkjarar, vart 2239 saker behandla og sju av ti fekk opphald. 316 personar (14 prosent) fekk avgrensa opphald til dei fyller 18 år. Blant afghanske mindreårige var talet 295 (20 prosent). Det betyr at sjølv om vel 70 prosent av alle mindreårige afghanarar får opphald, må kvar femte forlate Norge så snart dei har fylt 18 år.