Villreinflokk ved Djupeskard søraust for Ossjøen i Dagali. Biletet er tatt nordover. Dalen i bakkant av flokken er Seterdalen frå Dagali til Ossjøen.

Reinen trekkjer mot nye område: - Her har det ikkje vore jakta på 20 år

Villreinen har flytta seg mykje rundt på Hardangervidda denne jakta. Også til Dagali-traktene.

Mange følgjer spent med på årets reinsjakt på Hardangervidda. Etter at det vart funne CWD-smitta dyr på vidda i fjor, vart det bestemt å køyre ei tøff avskyting denne jakta. Målet er å få kartlagt så mykje som råd, med tanke på mogeleg skrantesjuke i bestanden.

Så langt i jakta er resultata ganske god, ifølgje sekterar i villreinutvalet for Hardangervidda, Svein Erik Lund.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har ingen eksakte tal. Men per no er det registrert 520-530 CWD-prøver. Då er ikkje dei som vart skotne sist helg tekne med. Det er ikkje så verst, seier Svein Erik Lund.

Svein Erik Lund er sekretær i villreinutvalet for Hardangervidda. Arkivfoto.

Vandrar meir enn før

Årets jakt starta tidlegare enn normalt, nærare bestemt 10. august. Og held fram til 7. oktober.

Det som indikerer ein brukar fellingsprosent er det faktum at reinen har flytta seg mykje under årets jakt.

Les også
Vil skyte 700 av 1000 bukkar på Hardangervidda

– I starten var det dyr i Nore og Uvdal-områda. Så har dei trekt mot Telemark, vidare nordover på Hordaland-sida og i det siste austover att mot Nore og Uvdal og Dagali, fortel Lund.

Det er bra når målet er god avskyting.

– I år er det større arealbruk enn normalt. Det er eit godt utgangspunkt for ei god felling, seier Svein Erik Lund som minner om at det 37 dagar att av jakta og store sjansar for at dyra også vil trekkje sørover att mot Tinn og Vinje.

Lite vatn i elvane

Vêret påverkar korleis reinen flyttar seg. I tillegg er det svært turt denne seinsommaren og hausten. Tidlegare har vassdraga vore store og gjort sitt til at reinen ikkje så lett har kome seg over og nord på Vidda. Det har vore enklare i år. At det også har vore mindre fiske på grunn av små elvar, og dermed mindre folk i området, kan også ha påverka noko.

Villreinflokk ved Djupeskard søraust for Ossjøen i Dagali. I dette området skaut Svein Erik Lund eit dyr.

Svein Erik Lund har sjølv vore på jakt i år, og skaut eit dyr ved Djupeskard, søraust for Ossjøen i Dagali. I desse områda har det stort sett berre vore streifdyr dei siste åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
I dag startar reinsjakta: - Me har blitt kvitt alle jaktkort hjå oss

– Her har det ikkje vore flokkar og heller ikkje jakta noko særleg på 20 år. I år har det vore dyre her; det er overraskande, seier Lund.

Hardt til verks

Det er dei ulike fjellstyra som har oversikt over selde kort, men Svein Erik Lund har inntrykk av normal jaktinteresse. Kanskje litt større interesse nokre stader.

Styresmaktene har eit mål om å skyte mange dyr i år for å få oversikt over CWD-situasjonen i stamma. Målet er 700 vaksne bukkar og 1000-1500 vaksne simler. Det meiner Lund er urealistisk.

Mattilsynet har ønskt å gå hardt til verks og halde fram med statleg jaktlag utover seinhausten og vinteren. Det sa styresmaktene nei til. I staden vil ein ta ei ny vurdering når fellingstala er klare frå ordinær jakt.

Les også
Desse bedriftene får tilskot frå næringsfondet
Les også
Ventar framleis på bussen
Les også
78.000 i bot for fyllekøyring