Leiaren av statens forhandlingsutval Viil Søyland (t.v.) saman med forhandlingsleiar og leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, og leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Kjersti Hoff på pressekonferansen der staten la fram sitt tilbod i jordbruksoppgjeret.

Rekordtilbod: Staten tilbyr 10,15 milliardar – bøndene krev 11,5 milliardar

Landbruks- og matdepartementet tilbyr jordbruksorganisasjonane 10,15 milliardar kroner i årets oppgjer.

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag overleverte 27. april eit krav på 11,5 milliardar kroner til regjeringa. Differansen mellom regjeringstilbodet og kravet frå bøndene er dermed på 1,35 milliardar kroner, men det kan vere forskjellar i kva for tal som blir rekna med i dei ulike reknestykka.

Vanskeleg reknestykke

Årets oppgjer omhandlar i realiteten både 2022 og 2023, og det har gjort det ekstra krevjande å setje opp eit tradisjonelt tilbod denne gongen, skriv Landbruks- og matdepartementet i pressemeldinga si.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Krev 11,5 milliardar: – Skal bøndene halde fram med å produsere mat, treng me eit kraftig inntektsløft
Les også
Skjebneår for landbruket: – Eg håpar og trur me blir tatt på alvor i år

– Den ekstraordinære situasjonen medfører at tilbodet frå staten er solid, med betydeleg beløp på budsjett og i målprisaukar. Regjeringa meiner dette må til for å bidra til tryggleik for norsk matproduksjon og sjølvforsyning i ein situasjon med uføreseielege marknader og sterk kostnadsvekst, seier forhandlingsleiaren i staten Viil Søyland.

– Tilbodet frå staten er høgt i år, sa Viil Søyland, ekspedisjonssjef i Landbruks- og matdepartementet då ho presenterte tilbodet torsdag.

Bøndene misfornøgd med inntektsløft

Staten lovar 2,4 milliardar kroner i kompensasjon for auka kostnader i 2022, noko bondeorganisasjonane kravde. Det er derimot framleis stor avstand mellom partane når det gjeld inntektsløft, der staten legg opp til å tette inntektsgapet til andre grupper i samfunnet med 30.000 kroner. Bøndene krev ei tetting på 100.000 kroner.

Les også
Bønder ved eit vegskilje: – Mat er det beste forsvaret. Me kan ikkje produsere på dugnad

– For at bonden skal halde fram med å produsere mat, treng vi eit kraftig inntektsløft, seier Bjørn Gimming, forhandlingsleiaren i jordbruket og leiar i Norges Bondelag.

Han seier oppgjeret må bidra til at inntekta til bonden faktisk kjem nærare andre grupper i samfunnet.

Saka blir oppdatert

Les også
Reagerte på lange høver - no tek ponnieigaren tak
Les også
Kulturrådet: – Marken driv folkefest og tivoli, ikkje kultur som har krav på støtte
Les også
Skiturist skadd etter å ha køyrd utfor skrent - Skistar dømt igjen