Regjeringa foreslår ingen større tiltak for å betre trafikksituasjonen på Rv7 i det nye framlegget til Nasjonal transportplan fram til 2029.
Regjeringa foreslår ingen større tiltak for å betre trafikksituasjonen på Rv7 i det nye framlegget til Nasjonal transportplan fram til 2029.

Regjeringa har gløymt Ørgenvika-Gol

Det er ikkje sett av ei krone til Vegpakke Hallingdal i forslaget til Nasjonal transportplan (NTP). – Merkeleg, seier Knut Arne Gurigard.

– Derfor har me ein jobb å gjere, seier den daglege leiaren i Regionrådet for Hallingdal.

Regjeringa presenterte onsdag det dei omtalar som tidenes satsing på samferdsel her i landet. 1000 milliardar fram til 2029 er mykje pengar. Regjeringa vil strø pengar utover mange prosjekt, men Rv7 på strekninga Ørgenvika-Gol er «gløymt». For uansett val av hovudveg mellom aust og vest blir denne strekninga ein hovudveg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– At det ikkje er sett av pengar til å bygge ut Rv7 aust for Gol, er rett og slett ikkje godt nok, seier Gurigard.

– Berre småtteri

Statens vegvesen har tidlegare utarbeidd ei såkalla førehandsutgreiing med å bygge ut strekninga Ørgenvika-Gol, med ny vegparsell Svenkerud-Gol og ny veg til Robru på Rv52. Kostnaden er rekna til nærmare sju milliardar.

– Statens vegvesen foreslo at den nye parsellen Svenkerud-Gol blir teken med i siste del av NTP-perioden. Men den er ikkje med i planen, seier Gurigard.

Det blir rett nok foreslått å bruke 300 millionar på Rv7 og 500 millionar til Rv52 i såkalla strekningsvise utbetringar.

– Det blir berre småtteri når ein ser dette over ein tolv års periode, seier han.

Vegpakke Hallingdal

Gurigard reagerer sterkt på at det ikkje er sett av pengar til vegpakke Hallingdal.

– Regjeringa har sjølv peikt ut Rv7 og Rv52 som hovudvegar mellom aust og vest. At dei likevel ikkje vil bruke vesentlege midlar aust for Gol på Rv7, er merkeleg. For denne strekninga vil i lang tid ha mest trafikk på aust-vestsambandet, seier han.

Regjeringa stadfestar «lekkasjen» om at det blir lagt opp til at både Rv7 og Rv52 får status som hovudvegar mellom aust og vest. Rv52 får status som hovudveg for næringstrafikk fordi den har betre vinterregularitet og mindre stigningsforhold enn Rv7, mens Rv7 over Hardangervidda blir hovudvegsamband for reiseliv og persontrafikk. Fram mot neste NTP skal det arbeidast fram eit heilskapleg forslag og prioriteringsrekkefølge for den vidare planlegginga av tiltak på dei to riksvegane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kortare reisetid

To vegutbyggingar som vil få betydning for Hallingdal er med i planen: Det er E16 Skaret- Hønefoss som blir planlagt utbygd med firefelts veg og 110 km fartsgrense og som gjer Oslo-turen kortare, og ei utbygging av E16 forbi Jevnaker. Det gjer reisetida frå Hallingdal til Gardermoen kortare.

Byggestart for den 40 km lange Ringeriksbanen er som tidlegare omtalt sett til 2021/22.

– Skaret-Hønefoss er kome med i andre del av planperioden. Det er lovleg seint. Og me ønskjer ein tidlegare start på Ringeriksbanen, seier Gurigard.

– Må stå samla

– 1000 milliardar er mykje pengar. Fryktar du regjeringa må nedprioritere prosjekt etter kvart?

– Regjeringa og støttepartia er samde om NTP. Planen uttrykkjer ambisjonsnivået.

– Fryktar du hestehandling?

– Det er ein del av politikken. Men her i Hallingdal må me no stå samla om det me vil.

– Kor står kampen for hallingane?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den viktigaste kampen er å få lyfta Rv7 aust for Gol. Det er hallingane samde om. Det er her med må få sett inn trykket, seier Knut Arne Gurigard.

Lovar kamp

Stortingsrepresentant Martin Kolberg Ap) vil kjempe for Vegpakke Hallingdal.

– Det er eit djupt vonbrot at vegpakka ikkje er med. Eg vil arbeide for at det blir sett av pengar i første del av NTP-perioden til Vegpakke Hallingdal. Eg vil på Hallingdals vegner kjempe for at ein kjem i gang med ei utbygging av Rv7 på strekninga Ørgenvika-Gol, seier stortingsrepresentanten frå Lier.

– Når det gjeld hovudvegsambandet mellom aust og vest støttar eg for min del forslaget om ei funksjonsdeling mellom Rv7 og Rv52. Det står fram som ei fornuftig løysing. Det som no gjeld er å få dette fram til realisering, seier han.

Kolberg seier vidare at forslaget til NTP dokumenterer at regjeringa utset oppstart av Ringeriksbanen.

– Det er ei unødvendig utsetjing. Grunngjevinga er at planarbeidet ikkje er kome langt nok, men det er ein konstruert konklusjon. Eg vil arbeide intenst for at arbeidet med Ringeriksbanen tek til i 2019, seier Martin Kolberg.

Misnøye med jernbanesatsinga

Forum Nye Bergensbanen er misfornøgd.

– Når NTP kom, fekk med stadfesta mistanken vår, seier dagleg leiar i Forum Nye Bergensbanen, Morten Myksvoll, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Samanliknar me investeringar i veg og bane i grunnlagsdokumentet og i sjølve stortingsmeldinga, finn me store forskjellar mellom dei ulike periodane. To milliardar kroner er vekke frå kvart av dei seks første åra i NTP. Desse pengane er flytta til den siste seksårsperioden, som er klart mindre forpliktande, seier han.

NTP stadfestar «lekkasjane» om at bygginga av Ringeriksbanen blir sett ut til 2021/2022 og at Arna-Voss til 2024.

– Me hadde forventa oppstart av Arna-Voss i 2021 og Ringeriksbanen i 2019, slik regjeringa og støttepartia har lova, seier styreleiar i Forum Nye Bergensbanen, Hans Erik Ringkjøb.

– Det har vore mange forklaringar på kvifor utsetjinga kom, men no set me vår lit til at Stortinget ordnar opp og leverer på det regjeringa har lova, seier Ringkjøb.