Tysdag kveld møtte ordflørar i Ål, Ivar Brevik, stortingspolitikar Liv Signe Navarsete for å diskutere den nye kommunereforma. – Ei hastereform av dimensjonar, seier den tidlegare kommunal- og regionalministeren.
Tysdag kveld møtte ordflørar i Ål, Ivar Brevik, stortingspolitikar Liv Signe Navarsete for å diskutere den nye kommunereforma. – Ei hastereform av dimensjonar, seier den tidlegare kommunal- og regionalministeren.

– Regjeringa fer med usanningar

Eit manglande lovvedtak gjer at kommunane ikkje kan påleggjast å slåast saman. Det meiner tidlegare kommunalministeren Liv Signe Navarsete (Sp).

Fylkesmannen kan ikkje påleggja kommunar å greie ut eller diskutere kommunesamanslåing. Heller ikkje kommunane kan påleggjast å slåast saman ved bruk av tvang, slik lovverket er i dag. Det slår tidlegare kommunal- og regionalminister, Liv Signe Navarsete fast etter eit møte med ordførar på Ål, Ivar Brevik, tysdag kveld.

– Eg har sete som leiar for kommunal- og regionaldepartementet i fire år, så akkurat dette veit eg. Kommunane kan berre påleggjast noko slikt ved lov, og ein slik lov finst ikkje i dag, seier Navarsete.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hastereform

– Betyr det at regjeringa fer med usanningar når dei trugar med tvangssamanslåing?

– Når dei sender fylkesmennene ut og samstundes ber dei fortelje at dei er lovpålagde å reise rundt i kommunane, fer dei med usanningar.

Samstundes stiller Navarsete spørsmål om kvar regjeringa er i denne saka. Ho meiner dei berre dyttar fylkesmennene framfor seg for å ordne opp.

– Dette er ei hastereform av dimensjonar. Regjeringa vil ha dette gjennomført før deira periode er over. Eg tykkjer det er på tide at regjeringa kjem på banen og forklarar seg nærare om denne saka, seier ho.

Ingen lovheimel

Fylkesmann i Buskerud, Helen Bjørnøy, fortel at det ikkje blir brukt nokon lovheimel for den jobben ho skal gjera, slik Navarsete hevda.

– Det trengst ingen lovheimel for å reise rundt å snakke med kommunane og oppmode dei om å diskutere kommunereforma. Det er opp til kvar einskild kommune å velje om dei vil diskutere det eller ikkje, seier Bjørnøy.

Når det gjeld tvangssamanslåing av kommunar utan lovheimel, er det opp til Stortinget å avgjera, ikkje fylkesmannen, seier ho.

Oversiktleg

Navarsete var frå 2009 og fram til Stortingsvalet i 2013 kommunal- og regionalminister i regjeringa til Stoltenberg. I løpet av desse fire åra besøkte ho både små og store kommunar over heile landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har opplevd mykje bra i både små og store kommunar. Opplevinga mi er at det er lettare å samarbeide når ting er små og oversiktlege.

Stortingspolitikaren frå Sogn og Fjordane ber folk om å sjå mot Danmark og kva som har skjedd der etter at kommunar vart slått saman.

– Spesielt gale har det blitt på Jylland. Der har det kome fleire byråkratar, misnøgde innbyggjarar, det har enda med sentralisering av ulike tenester og det har blitt langt færre lokalpolitikarar.

– Er Senterpartiet imot endringar i kommunestrukturen?

– Me meiner det må vera opp til kvar einskild kommune å avgjere om dei vil slåast saman eller ikkje, og det bør vera folkeavrøysting om det. Personleg trur eg kommunane kan greie seg fint slik det er i dag og heller samarbeide på tvers over kommunegrensene, seier Navarsete.