Dette biletet vart sendt ut med pressemeldinga om at neste års «Ex on the Beach» vil bli spelt inn i den norske fjellheimen. Biletet er frå sist innspeling, som gjekk føre seg i Brasil.

Reagerer kraftig på omstridd reality-TV i Hemsedal: – Dei har gått bak ryggen på oss

I januar startar Rubicon innspeling av reality-programmet «Ex on the beach» i Hemsedal. Ordføraren er forbanna, og meiner produksjonen har gått bak ryggen på heile bygda.

– Me har reagert kraftig, og bede Rubicon legge innspelinga til ein annan stad. Men det ønsker dei ikkje å gjere, seier ordførar Pål Rørby.

For nokre veker sidan fekk han ein beskjed som gjorde han svært opprørt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vart gjort merksam på at eit selskap ville legge ein produksjon hit over nyttår. Selskapet hadde alt gjort avtalar med lokale bedrifter. Dei hadde selt seg inn som «ein roleg og hyggeleg datingserie», seier Rørby. Enkelte av bedriftene som hadde blitt kontakta stussa, og melde førespurnadene inn for Hemsedal turisttrafikklag (HTTL). Slik nådde det også kommunehuset.

Ordføraren tok affære og kontakta produksjonsselskapet, Rubicon. Der spurte han kva dette eigentleg dreia seg om. Og fekk svar:

– Dei fortalde meg at programmet var «Ex on the beach - Afterski», seier Rørby.

«Gammal moro lurer»

«Ex on the beach» er eit program som går på Dplay, og som har vore ein enorm suksess for eigaren Discovery. Serien har dei siste åra vore ein av dei mest omstridde i reality-universet i Norge. Den rulla første gong over skjermen i 2018, og konseptet er enkelt: Åtte single menn og kvinner flyttar inn saman. Her skal dei både feste og flørte med kvarandre. Men undervegs i programmet kjem ekskjærastane til deltakarane inn, ein etter ein. Slikt blir det dramatikk av.

Årets utgåve av serien skulle etter planen blitt spelt inn i Brasil i vår. Det sette koronaen ein stoppar for. I kjølvatnet kom planen om å i staden flytte innspelinga til den norske fjellheimen.

I ei pressemelding som Discovery publiserte i slutten av oktober står det følgjande: «I Ex on The Beach - Afterski blir åtte single menn og kvinner sendt til ei luksushytte i Norge for å feste, flørte og date. Men gammal moro lurer i fjellheimen, og deltakaranes ekskjærastar susar éin etter éin ned nysnøen for å krasje afterski-festen. Nokon er ute etter hemn, andre søker ny gnist i gamle kjensler – felles for dei alle er at dei ikkje går av vegen for litt drama».

Kan ikkje nekte

Då ordførar Rørby vart kjent med kva for program som snart set kursen mot Hemsedal, sende han eit skarpt brev til Rubicon.

– Det dette programmet dyrkar er ikkje noko me vil bli forbundne med. Me var tydeleg på at dei måtte legge innspelinga til ein annan stad, men det nektar dei. Dessverre har me ikkje heimel til å nekte dei å kome. Hadde me hatt det, hadde me utan tvil brukt den, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvifor er det så problematisk at dette programmet blir spelt inn i Hemsedal?

– Hemsedal er ein destinasjon for skiglade folk. Folk som likar heftig natur, bratte bakkar, god atmosfære og god stemning. Hemsedal er for familiar, barn, unge og eldre. Det er lov å ha det moro, men ikkje på andre si rekning. Hemsedal er alt anna enn det «Ex on the beach» representerer. Mange innbyggarar og hytteeigarar i kommunen, eg også, ønsker heile produksjonen dit pepper'n gror. Nemleg til sørlege strøk, så langt vekk frå oss som det er mogleg å kome, seier Rørby.

Hemsedal har kjempa lenge for å bli kvitt det hardnakka ryktet som heile Norges «partybygd». Ordføraren fryktar mykje av denne jobben no kan vere fåfengt.

– Me rykker langt tilbake i det arbeidet me har gjort over lang tid, med å bygge opp Hemsedal som ein familievennleg plass med gode verdiar, seier Rørby.

Les også: Slik svarar Discovery på kritikken frå Rørby

– Gjekk bak ryggen vår

Ordføraren reagerer kraftig på at produksjonsselskapet ikkje har opplyst kommunen eller HTTL om planane for innspeling, slik han meiner dei burde gjort. Det einaste som er registrert, er ein telefon inn til servicetorget i kommunen der det ifølgje ordføraren skal ha blitt opplyst om at eit «hyggeleg datingprogram» ville bli spelt inn.

– Dei har bevisst gått utanom dei mest sentrale samfunnsaktørane som finst i ei bygd; kommunen og destinasjonsselskapet. Dei har bevisst gått bak ryggen på oss. Det er ein ureieleg måte å gjere ting på, seier han.

Les også
Slår tilbake mot ordførar-kritikken: – Me har prøvd å få til eit møte

Rørby reagerer også på måten han hevdar produksjonsselskapet har gått fram på overfor bedrifter og næringsaktørar. Ifølgje han er det ikkje berre i Hemsedal deltakarane skal vere med på aktivitetar, men også andre stader i Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei har ikkje spelt med opne kort om kva slags program dette er snakk om. Dei har framstilt planane sine som om dette gjeld ein koseleg dating-serie. Det er det ikkje. Tvert imot. Dette er «Ex on the beach», og kan sikkert bli karakterisert som mykje. Men koseleg vil eg ikkje seie serien er.

Produksjonsselskapet skal ifølgje Rørby alt ha inngått avtalar med ulike aktørar, og han seier fleire av desse kjenner seg ført bak lyset og er i tenkeboksen på kva dei skal gjere.

Men ordføraren understrekar at han har stor forståing for dei aktørane som har takka ja.

– Me har vore gjennom ei vanskeleg tid. Dette betyr kjærkomne inntekter i ein del av sesongen som er ganske stille. Særleg no som grensene er meir eller mindre stengt. Dette gir eit godt tilskot til økonomien deira. Men eg ønsker at dei bedriftene som har blitt kontakta skal bli gjort klar over kva for program dette er. Så får det vere opp til dei sjølve om dei vil bli assosiert med ein slik serie. No som me veit kva det er, går me ut med det. Så får dei velje sjølv.

Kjenner på ei plikt

Overfor kommunen lova produksjonsselskapet at dei ikkje skulle gå ut med kor i landet programmet blir spelt inn mens innspelinga går føre seg. Under marknadsføringa si seier dei også at produksjonen denne gongen skal gå føre seg i «det norske høgfjellet». Men ordførar Rørby kjenner det likevel nødvendig å fortelje sine sambygdingar og næringsaktørar kva som er på gang.

– Som ordførar opplever eg å ha ei plikt overfor innbyggarar, hyttehallingar og alle som har blitt villeia av desse førespurnadene, til å informere om kva dette eigentleg er. Eg ønsker å kome med ei oppmoding om at folk og næringsliv tenkjer seg nøye om før dei knyter si eiga bedrift, teneste eller namn opp mot dette konseptet, seier Rørby.

Discovery har svart på kritikken frå ordføraren. Kva dei seier, kan du lese her.

Ordførar Pål Rørby reagerer kraftig på korleis produksjonsselskapet har gått fram overfor kommunen.