Jord og stein: Det har gått eit svært stort skred med jord og stein i Nærøydalen. Vegen er stengd. Skredet er fem meter høgt på det høgaste.

Ras over E16 i Aurland – vegen stengd i fleire dagar

Etter store nedbørsmengder gjekk det fleire ras i Vestland fylke måndag.

E16 gjennom Nærøydalen mellom Gudvangen og Stalheim er no stengd etter at det gjekk eit stort ras over vegen.

Operasjonsleiar hjå Vest politidistrikt Dan Erik Johannessen seier til VG at raset over fem meter høgt på sitt største, og sperrar heile vegen. Det er stor skredfare og vegen blir ikkje opna på fleire dagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette betyr at folk som skal til og frå Bergen dei komande dagane må køyre Rv7 Hardangervidda eller Fv13 Vikafjellet.