Ordførar Tore Haraldset leia eit rekordlangt kommunestyremøte.
Ordførar Tore Haraldset leia eit rekordlangt kommunestyremøte.

Rakk ikkje middagen

Kommunestyremøtet i Nes vart rekordlangt.

Nyvalt ordførar Tore Haraldset frå Bygdelista fekk ein elddåp av dei sjeldne.

Frå han sette møtet klokka 13.00 torsdag til han heva møtet, hadde det gått nærmare ti timar! Berre avbroten av kulturprisutdeling og ei kort matpause gjekk det i eitt. Då hadde kommunestyret vore gjennom 26 saker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 21.00 bad Aps Frode Aaslid om ordet.

– Ordførar, sa Aaslid, kan du ta ei lita pause slik at me får ringt heim og sagt ifrå at me ikkje rekk middagen...!