Ragnar Hilde er ny redaktør og journalist i Hytta Vår.

Ragnar Hilde ny redaktør i Hytta Vår

Ragnar Hilde frå Flå er Hytta Vår sin nye journalist og redaktør. I dag lanserer dei ei heilt ny nettside.

– Eg ser veldig fram til å ta fatt på oppgåva som journalist og redaktør for både Hytta Vår og hyttavår.no, seier 28-åringen.

Hilde tek over stafettpinnen etter Christian Snare, som gir seg nesten 30 år etter at han og Ove Thorshaug starta Hytta Vår i 1991.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er audmjuk overfor den fantastiske jobben som Christian og Ove har gjort over mange år, og eg skal jobbe hardt for å oppretthalde eit høgt nivå på magasinet og den nye nettsida, seier Hilde.

Hytta Vår er eit magasin for hytteeigarar i Hallingdal, og har sidan 2018 vore eigd av Hallingdølen.

– Ser kor viktig hyttehallingen er

Hilde har vakse opp i det som dei siste åra har utvikla seg til å bli ein av landets største hyttekommunar.

Lanseringa av hyttavår.no vart feira av den ferske redaktøren fredag.

– Som flåværing ser eg kvar dag kor viktig hyttehallingen er for lokalsamfunnet. Eg gler meg til å jobbe med dei gode sakene som hyttefolket er opptatt av, og meiner Hytta Vår er ein viktig møteplass for hyttefolk, næringslivet og fastbuande i Hallingdal, seier redaktøren.

Han er sjølv genuint interessert i hytter og hytteliv.

– Eg har vore på setra til bestemor og bestefar heilt sidan eg var liten gut, og har utruleg mange minne frå setra deira. Familien har også hytter på Veneli i Flå, og Loråsen ved Steinsfjorden. Eg veit alt om kor viktig hyttene er for nordmenn, seier han.

Ny nettstad

Ei av Hildes første oppgåver er å få den nye nettsida hyttavår.no til å bli ein informasjonskanal for hyttehallingen.

– Her skal ein kunne finne artiklar som er nyttige og interessante, uavhengig av om du har ei hytte med alle fasilitetar eller ei lita koie utan innlagt vatn og straum, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Administrerande direktør i Hallingdølen, Ola Stave, har god tru på den nye nettstaden:

– Hytta Vår er eit spennande produkt som kjem i postkassa til 16.500 hytteeigarar i Hallingdal. Me har stor tru på konseptet, og tida er inne for ei digital utgåve av magasinet, seier han.

Les også
Valde hytte på 45 kvadratmeter
Les også
I eitt med naturen
Les også
Plassen dei finn ro
Les også
Frå fjell til fjord