Rådmannen i Hol fekk medhald
Administrasjonen i Hol kommune gjorde ikkje noko gale då det vart utbetalt pengar til ny skiløype.
Kontrollutvalet slår samrøystes fast: Rådmannens disposisjonar er innanfor hans fullmakter.
Ap og KrF
Saka dreier seg om 421.341 kroner som vart utbetalt til ny skiløype langs Fv40. Hol Ap og Hol KrF sende saka til kontrollutvalet tidlegare i haust.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei ville ha svar på om administrasjonen hadde rett til å betale ut desse pengane. Dei ville vite om lover og rutinar var følgd i saka.
Meinte han hadde rett
Rådmann Lars Ole Skogen har heile tida hevda administrasjonen hadde rett til å utbetale pengane fordi løypa er finansiert av innbetalte utbyggarmiddel øyremerkt for løyper og løypeutvikling innan Geilo løypeområde.
Kontrollutvalet gav han altså medhald.