Inger Marie Stensrud har vore sentral i quiltelaget i 20 år. – Det har vore som ein baby, seier ho.
Inger Marie Stensrud har vore sentral i quiltelaget i 20 år. – Det har vore som ein baby, seier ho.

Quilte-entusiasten

Det handlar om stoff og tråd og vatt – og ein ellevill entusiasme.

For hjå 20-årsjubilanten Nesbyen Quiltelag handlar det også om Inger Marie Stensrud.

Ho og laget er to uatskillelege vener. Det var ho som tok initiativet til å starte quiltelaget som var det aller første i Hallingdal i 1997, ho var den første leiaren og ho har vore leiar heilt fram til no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Entusiast

På årsmøtet nyleg fekk ho avløysing. Men gamlestugu heime hjå henne vil framleis vere samlingsstaden for dei 38 medlemmene i quiltelaget.

Her er det ope hus ein gong i veka. Her møtest dei, handlar stoff, utvekslar idear og gode råd – og drikk kaffi.

Inger Marie sjølv er ein ekte entusiast.

Det er i gamlestugu det skjer. Inger Marie Stensrud er i full gang med saksa saman med Anne Marie Bråten. I naborommet blir det drukke kaffi og utveksla idear.
Det er i gamlestugu det skjer. Inger Marie Stensrud er i full gang med saksa saman med Anne Marie Bråten. I naborommet blir det drukke kaffi og utveksla idear.
Inger Marie Stensrud stifta laget og har vore leiar i 20 år.
Inger Marie Stensrud stifta laget og har vore leiar i 20 år.
Lysa frå vindauga i gamlestugu fortel at her er det aktivitet.
Lysa frå vindauga i gamlestugu fortel at her er det aktivitet.
Gjennom glaset i gamlestugu får me auga på Inger Marie i full aktivitet.
Gjennom glaset i gamlestugu får me auga på Inger Marie i full aktivitet.

– Eg brukar å seie at laget har vore som ein baby for meg, smiler ho.

Millimeterarbeid

Innanfor dei gamle tømmerveggene er det full aktivitet. Her er det stoff langs veggene og i hyllene, og det blir fort trongt om plassen.

– Kvar einaste dag når eg vaknar, gler eg meg til å gå inn på syrommet, seier Inger Marie.

Ho syr med nål og tråd og med symaskin. Alt ettersom. Det er millimeterarbeid. Her må ein vere nøyaktig for at resultat skal bli bra. Alt frå små nåleputer til store teppe. Det er kunst dette også. Mange syr på rein fantasi. Inger Marie er blant dei som improviserer mykje.

– Eg får idear, og formar dei på min måte. Men ein blir aldri utlært. Eg har sydd i alle år, men kan ikkje alt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk ideen

Ho hadde gått svanger med ein idé i eit par år midt på 90-talet då ho fekk med seg Marie Tvenge og Britt Rukke. Nesbyen Quiltelag såg dagens lys, og laget skin framleis.

– Me var femten på det aller første møtet, 27 på det andre og no har me 38 medlemmer, seier Inger Marie.

– Terapi

Aktiviteten er stor. Dei har hatt julemesser, held kurs, dei syr teppe til langtidssjuke og kreftsjuke barn, kvart år er dei på Kjerringtorget og dei fekk æresprisen i 2015. Ein gong i året leiger dei Røde Korshytta på Golsfjellet og samlast der. Ein gong i månaden har dei medlemsmøte. Då demonstrerer dei ulike teknikkar.

– Me syr og kosar oss så me får vondt i både rygg og armar, ler ho.

20 år som leiar er lang tid. Men for Inger Marie Stensrud har det berre vore moro.

– Dette er ein hobby for meg. Men det er også terapi, og ei investering i godt vennskap. Dét betyr meir enn kroner og øre, seier Inger Marie Stensrud.