Ein berusa mann i 20-åra vart sett i arresten etter å ha gått langs Rv7 i Nesbyen.
Ein berusa mann i 20-åra vart sett i arresten etter å ha gått langs Rv7 i Nesbyen.

Promille i Nesbyen

Politiet gjennomførte ein promillekontroll i Nesbyen sentrum natt til sundag.

39 bilførarar vart kontrollerte utan at noko av dei køyrde med promille. Promille var det derimot på ein mann i 20-åra. Mannen skal ifølgje ha «vasa rundt» på Rv7 ved Nesbyen og vore til fare for seg sjølv og andre. Han vart difor sett i arresten.