Det er ikkje lenger gratis å køyre på ski på Geilo for dei over 70.
Det er ikkje lenger gratis å køyre på ski på Geilo for dei over 70.

Prishopp for pensjonistane

Skikøyrarar over 70 år har ikkje lenger gratis heiskort på Geilo.

– Skuffande, seier Roger Elstad.

79-åringen har saman med kona vore fast inventar i bakkane i ei årrekkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prishopp

Forrige veke skulle han som vanleg hente to sesongkort.

Han hadde ikkje fanga opp at prisen for dei over 62 år var på 2100 kroner.

– Det var eit lite sjokk. Det er eit stort sprang frå 0 til 4200 kroner, seier Elstad.

Difor har han for fyrste gong ikkje sikra seg sesongkort i år. Han seier han er skuffa over at skikøyrarar over 70 år ikkje lenger får køyre gratis. Det var ei fin ordning, meiner han.

– Eg trur ikkje det hadde vore ei stor belastning for skisentera å halde fram med det, seier Elstad.

Vurderte

Dagleg leiar i Geilo Skisenter, Henning Solhaug, seier han forstår at det kan opplevast som eit stort sprang frå gratis heiskort til 2100 kroner.

Årsaka til prishoppet er dei store endringane som vart gjort med reduserte prisar i skianlegga i bygda før årets sesong. Då sesongkortprisane generelt vart sett ned, vart samstundes mange rabattavtalar fjerna.

– Det var ei vurdering me gjorde. Me var eitt av få anlegg i landet med gratiskort. Dei fleste andre har honnørløysingar, seier Solhaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Har de mange over 70 i anlegga?

– Det er ikkje den største kundegruppa. Men me håpar det ikkje blir færre av dei.

2100 kroner bør uansett ikkje vere avskrekkande, meiner Solhaug.

– Framleis er heiskort billeg.