Regionlensmann Andreas Nilsen.
Regionlensmann Andreas Nilsen.

Pressekonferanse om Vålnes-saka

Har politiet nye opplysningar i Vålnes-saka?

Fredag 23. mai klokka 11.00 held politiet pressekonferanse i politihuset i Tromsø. Politiet vil ikkje kommentere saka før pressekonferansen.

Dette skjer få dagar etter at Aftenposten skreiv at politiet ønskjer å rive delar av ei gjestestove der ein har mistanke om at Per Vålnes frå Ål er gravlagt under golvet. Det var i den same gjestestova politiet i fjor haust søkte med ein spesialradar utan resultat. Etter at etterforskinga i Vålnessaka held fram etter krav frå Riksadvokaten er det lagt fullstendig lok på saka. Spenninga er derfor stor før pressekonferansen fredag.