Gol-ordførar Heidi Granli (Ap) under innspeling av fyrste episode av Hallingdølens nye podcast «Høyr».

Premiere på Hallingdølens nye podkast: Ordførar fortel om hatbrev i postkassa

Lokalpolitikarar må tole kritikk, og av og til også hets. Det har ordførarkandidatane i Gol fått merke.

I dag kan du høyre den fyrste episoden i Hallingdølens podkast Høyr. I første episode er Gol-politikken tema. I studio møtest dei same to politikarane som kniva om klubba for fire år sidan: Heidi Granli (Ap) og Tom Rune Skredderberget Blakkestad (H).

Her kan du høyre første episode av Høyr:

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om dei tilsynelatande er samde om det meste i kommunestyret i Gol, har det også vore harde kampar rundt bordet, fortel dei to. Og endå tøffare er det når innbyggjarane blir misfornøgde.

– Det er klart det har vore utrivelege hendingar, seier Granli. Ho trur det er viktig å seie at i Gol-politikken er dei flinke til å dele det vonde, slik at det ikkje blir så vondt, og så hjelper dei, og backar, kvarandre.

– Men eg har fått sure førespurnader, vedgår ho. Blant anna ein lapp i postkassa der det stod at ho «burde tenke seg om og finne seg ein annan jobb»:

– Då vart eg skikkeleg lei meg. Men så sa sambuaren min at «Heidi, såpass må du tole».

Høyr

Høyr har premiere 8. juni. Dette er ein nyheits- og aktualitetspodkast, og første tema er valet 2023.

Gjennom seks episodar får du møte ordførarkandidatar frå alle kommunane i Hallingdal.

Det vil kome ein podkast i veka dei neste seks vekene. Først ute er Gol.

Høyr er tilgjengeleg overalt der du lyttar til podkast, i tillegg til på Hallingdølens nettside hallingdolen.no/podkast.

Gol-politikarane Heidi Granli (Ap) og Tom Rune Skredderberget Blakkestad (H) møter programleiar Arne Ole Lindahl i studio. Biletet er frå innspeling av fyrste episode av Hallingdølens nye podkast «Høyr».

Blir vane med kritikk

– Lokalpolitikken er meir enn ein jobb, det er ein livsstil, konstaterer Granli i podkasten.

– Det er det som er litt utfordringa her, me vil løyse det meste til det beste for alle. Får me litt meiningsbryting når me handlar på butikken, så er det greitt det, meiner Blakkestad: - Det må me tole når me tek på oss denne rolla.

«Høyr» er Hallingdølens nye podkast.

– Kva er det verste du har stått i?, spør journalist Arne Ole Lindahl i podkasten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er flink til å legge slike verste ting bak meg, men eg hugsar eit kommunestyremøte der me hadde eit budsjett som me dreiv på med til eitt-halv totida om natta. Då brynte me oss litt, og det var då me la ned Herad skule. Det var mot våre stemmer. Der var det mykje kritikk både i forkant og etterkant, minnest Høgre-toppen.

Einige om at dei er einige

Dei to ordførarkandidatane er samde om dei meste, dei er til og med einige om at dei stort sett er einige.

– Innfallsvinkelen har me kanskje litt forskjellig, men me har diskutert oss fram til løysingar. Sjølv om me har stemt i lag til slutt, så har me hatt gode diskusjonar både på gangen og i møtet, forsikrar Blakkestad.

Dei to partitoppane avslører at det ikkje er i kommunestyremøta dei heitaste debattane skjer i Gol:

– I møterundane stiller me dei kritiske spørsmåla, og der får me bryna oss mykje, seier Granli.

– Absolutt, i utvalsmøta som er arbeidsmøte, der utfordrar me kvarandre, og administrasjonen, samtykkjer Blakkestad.

Kandidatane trur helse og omsorg blir eit stort valkamptema.

– Blir det meir pengar til helse og omsorg, spør Lindahl?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, og andre løysingar kanskje, svarar Blakkestad utan å leka meir frå valprogrammet. Han svarar likevel at han ikkje trur at det blir privatisering av helsetenestene, men understrekar at om det kjem gode, private tilbydarar så kan dei ikkje seie nei berre for å seie nei.

Analyse

Valkampekspert i Hallingdølen, Embrik Luksengard, har høyrt dei to toppkandidatane. Han trur mykje skal til for at ikkje Heidi Granli (Ap) held fram i ordførarstolen.

– Arbeidarpartiet gjorde det veldig sterkt sist, og kom inn i kommunestyret med ni representantar.

Ei meiningsmåling Hallingdølen presenterte i april syner at partiet går litt tilbake i Gol, men ikkje mykje. Målinga sender også Høgre litt fram, men på langt nær så mykje at det rokkar ved posisjonen til Arbeidarpartiet og Heidi Granli.

Senterpartiet stiller ikkje med ordførarkandidat i Gol.

Luksengard seier at sjølv om det ikkje er tradisjon for at Høgre og Arbeidarpartiet samarbeider i Gol, er det ingenting i politikken som tilseier at det ikkje skal skje.

Partitoppane før ferien

Høyr er Hallingdølens nye podkast-satsing. Avisa serverer her aktuelle nyheitssaker i lydformat.

I fyrste omgang skal det dreie seg om valet til hausten. Som ein del av lanseringa kjem Høyr med seks episodar fram mot sommarferien, med partitoppane i kvar kommune.

– Jobben er å ta temperaturen på toppkandidatane. Kven er dei, og kva skil dei? Folk veit kanskje kven som stiller i deira kommune, men kjenner dei ikkje så godt, meiner programleiar Arne Ole Lindahl. Han veit også kva som må til for at podkasten skal fenge:

– Det gjeld å halde tempoet oppe. Det er eit mål at sendinga ikkje blir baktung og kjedeleg, men laus, ledig og informativ.