I naturserien Helt naturlig som har vorte sendt på NRK1 i haust, er mykje av handlinga lagt til Dagali. Sjåartala viser at 400.-500.000 har sett dei fire episodane.
I naturserien Helt naturlig som har vorte sendt på NRK1 i haust, er mykje av handlinga lagt til Dagali. Sjåartala viser at 400.-500.000 har sett dei fire episodane.

Populær naturserie

Naturprogrammet Helt naturlig på NRK1 vart ein sjåarsuksess.

Mykje av handlinga i filmskapar Jan Grønseths naturserie er lagt til Dagali.

Sjåartala frå august og september viser at dei fire episodane vart sett av mellom 400.000 og ein halv million sjåarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Programma hadde høgaste sjåardel av alle underhaldningsprogram på norsk TV dei kveldane, seier ein fornøgd Jan Grønseth.

Grønseth er skogsarbeidar, fotograf og forfattar. Han bur saman med familien i Hof i Vestfold, og har vore mykje på hytta i Dagali sidan barndommen.

Turistsjef i Hol, Pål Knutsson Medhus, seier det er svært vanskeleg å talfeste verdien av sjåartala.

Men at det er god reklame for bygda, er det liten tvil om.

– Dette har stor verdi. Og skal du nå så mange gjennom TV-ruta elles, vil ein slik produksjon koste millionar av kroner, seier Medhus.