Det er lite snø utanom dei preparerte alpinløypene. Ein ung mann i 20-åra døydde 10. april av skadane han fekk då han sklei ut av ein bratt alpinbakke (løype 6) og trefte ein stein.
Det er lite snø utanom dei preparerte alpinløypene. Ein ung mann i 20-åra døydde 10. april av skadane han fekk då han sklei ut av ein bratt alpinbakke (løype 6) og trefte ein stein.

Politirapporten avgjer tiltak etter dødsulykka

To menneske har mista livet i samband med alpinkøyring i Hemsedal i vinter. Politiet vurderer å sjå på sikkerheita i skianlegg generelt.

Ein mann i 20-åra mista livet då han sklei ut av alpinbakken i Hemsedal måndag 10. april. I januar døydde ein svensk statsborgar i 40-åra etter kollisjon med eit tre.

– Det kan bli aktuelt å følgje opp sikkerheita generelt i fleire anlegg, seier Pål K. Mikkelrud, lensmann i Ål. Det vil eventuelt skje etter påske.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Slike hendingar aktualiserer i alle fall behovet for ein diskusjon.

– Tragisk ulykke

Politiet etterforskar dødsulykka i Hemsedal 10. april, og politijuristen har bestemt at den omkomne skal til obduksjon for å avklare eksakt dødsårsak.

Ulykka skjedde i Tottenløypa, (løype 6) midt i Hemsedal skisenter. Det er ei krevjande løype som er merkt som kategori svart, som betyr «vanskeleg». I ei helling på kring 35 grader har ein person ramla og sklidd ut av løypa og ut i terrenget. Trass i bruk av hjelm fekk vedkomande så store skader i overkroppen at han døydde på staden.

– Det ser ut som det har vore ei tragisk ulykke, der han har vore veldig uheldig. Ein kan vanskeleg sikre alle steinar, seier Mikkelrud.

Ingen tiltak førebels

Dagleg leiar i Skistar Hemsedal, Andreas Smith-Erichsen vil av omsyn til etterforskinga ikkje kommentere den konkrete ulykka.

– Men det er den andre dødsulykka i alpinanlegget i vinter?

– Me er ikkje upåverka av dette, men det blir feil å konkludere før politiet har klar sin rapport. Etter ulykka i Tinden i januar var konklusjonen at det ikkje vart gjort endringar. Me har ansvar for merkte og sikra løyper, seier Smith-Erichsen.

Alpinisten som døydde i januar køyrde i eit tre utanfor merkt og sikra løyper.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om den omkomne denne veka køyrde i merkte og sikra område har korkje skisenteret eller politiet sett nokon grunn til å stenge av løype seks.

Må avklare kva «spesielt utsett» er

Alpinanleggenes landsforening (ALF) kan rapportere om 6,6 millionar skidagar i løpet av fjorårssesongen. (Ein person på ski ein dag er ein skidag). Dei tolv største anlegga står for vel halvparten.

Hemsedal har i underkant av 600.000 skidagar, og altså to dødsulykker i år. I vinter døydde også ei 23-år gamal kvinne etter eit fall i ei svart løype i Kvitfjell.

Smith-Erichsen er også styreleiar i ALF.

– Gjer styret etter slike hendingar noko med sikring i alpinanlegga?

– Det er tema, men praksis er at lysstolpar og snøkanonar må sikrast, mens naturlege hinder som tre står som før. Dersom eitt tre står farleg til, kva gjer me då om du kolliderer med eit anna tre, spør han og viser til at alpinistar har dei ti skivett-reglane å rette seg etter (sjå faktaboks).

I ALF sine eigne retningsliner om «Ansvar og sikkerhet i nedfarter» punkt 4.3.5 om vegetasjon heiter det at «Trær er en naturlig miljøfaktor i forbindelse med et alpinanlegg. En bør imidlertid sikre eller fjerne trær, stein og andre naturlige objekter som står spesielt utsatt til».

Kva som er spesielt utsett vil kanskje politirapporten kunne seie noko meir om.

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Unngå skade: Køyr slik at du ikkje skadar deg sjølv eller andre.

2. Avpass farten: Du må køyre kontrollert og avpasse fart og køyremåte etter ferdigheit, terreng, skiføre og trafikk

3. Vikeplikt: Kjem du bakfrå, har du ansvaret for å unngå kollisjon.

4. Forbikøyring/utforkøyring: 

Det er forbode å køyre rett utfor unntatt under organisert trening. 

5. I nedfarten: Stoppar du, køyrer du inn i eller svingar du oppover i ein nedfart, må du sjå til at dette skjer utan fare for deg sjølv eller andre. 

6. Stopp: Stopp ikkje opp eller sit på tronge eller uoversiktlege stadar.

7. Til fots: Er du til fots, må du berre nytte ytterkantane av bakken.

8. Sikre skia: Skistopparar/ fangreimer er påbode. Kontroller at bindingane er rett innstilte. 

9. Respekt: Følg skilting, merking og opplysningar.

10. Ved ulykker: Ved skadar har alle plikt til å hjelpe. Vitne og medverkande pliktar å opplyse namn. Alpin skikøyring kan vera farleg. Rusmiddel og skikøyring passar ikkje saman. Brot på skivettreglane kan føre til bortvising frå anlegget.

(Kjelde: alpinanleggene.no)