Politiet melder om ein del fyll og bråk påskeeftan. (Ilustrasjonsfoto)
Politiet melder om ein del fyll og bråk påskeeftan. (Ilustrasjonsfoto)

Politiets påskevakt: Fyll og laushundar dominerte

Påskeeftan og natt til påskeeftan var det fyll og laushundar som dominerte politiets påskevakt.

Fredag kveld vart ein border collie sakna ved Kvisla i Hol. Klokka 23.20 same kveld kom det melding om innbrot og tjuveri frå ei leilegheit i Hemsedal. Her vart bilnøklar, ein mac og alkohol stole. Det er og utøvd skadeverk på staden. Saka er meldt politiet.

Rett før klokka 24 natt til laurdag kom det melding om at ein kar var slått ned på ein utestad i Hemsedal. Politiet kom til og tok forklaring frå båe partar som er menn i 20-åra. Ein kar blanda seg inn og vart vist bort frå staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag ettermiddag vart to svenske karar vist bort frå Hemsedal på grunn av bråk. Og ein chihuahua vart meldt sakna frå Ringhovdstølen i Ål.

Laurdag føremiddag hadde politiet promillekontroll på Rv52 i Gol. Etter tre kvarter hadde dei kontrollert 100 bilar – utan at ein einaste førar hadde promille.

Eit par timar seinare hadde politiet trafikkontroll på Rv52 ved innkøyringa til Nordre Øygardsvegen, i 60-sona. Her vart 30 bilar kontrollert. Ni av dei fekk bot for høg fart. Den raskaste vart målt i 85 km/t.

Elles kan me legge til at nokon var uheldig og mista klokka si i skiløypa rundt Ustedalsfjorden fredag. Ta kontakt på 02800 for å få den att.

Laurdag i 18-tida vart ein kar i slutten av tenåra sett i arrest. Han hadde opptredd trugande mot vakt og politi i Hemsedal.