I 2008 hadde Hallingdal til og med eigen narkohund. Her er Mozart og dåverande politioverbetjent Rune Isaksen ute på øving.
I 2008 hadde Hallingdal til og med eigen narkohund. Her er Mozart og dåverande politioverbetjent Rune Isaksen ute på øving.

Politiet tek stadig færre narkosaker

Politiet avdekker færre narkotikaforbrytelsar. Har misbruket av narkotika gått ned?

– Talet på mindre narkolovbrot har gått ned, men det reflekterer også aktiviteten vår på dette feltet, seier regionlensmann Brit Fyksen.

Det er vel kjent at talet på narkosaker er nær knytt til politiets arbeid på dette feltet. For dette er saker som politiet sjølv «produserer». Godt politiarbeid gjer at fleire narkosaker blir avdekt. I fleire år var målet at talet på grove narkosaker skulle auke. Men narkosakene har ikkje same prioritet som før.

Artikkelen held fram under annonsen.

Går ned

– Me arbeider med narko. Men me har merksemda meir retta mot dei store sakene. Det er ikkje mange av dei, men me har dei, seier Fyksen.

På landsbasis har talet på grove narkosaker gått ned med nærmare 26 prosent frå 2014 til 2017, ifølgje bladet Politiforum.

I Hallingdal hadde politiet eigen narkopatrulje. Den er avvikla.

Regionslensmann Brit Fyksen seier politiet har dreia innsatsen over på dei større narkosakene.
Regionslensmann Brit Fyksen seier politiet har dreia innsatsen over på dei større narkosakene.

– Narkosaker krev at me sjølv tek initiativ. Me samarbeider med kommunane, og i nokre av desse opplever ein at narkomisbruk er ei utfordring. Der vil me ta tak, seier Fyksen.

– Sårbare

– Kjem narkopatruljen tilbake?

– Per i dag er det ikkje aktuelt. Me er sårbare reint bemanningsmessig. Ideelt sett skulle me hatt fleire narkosaker. Det er førebyggjande å opprette narkosaker. Men tenestemennene våre er flinke, og dei har narkomiljøet i blikket, seier Brit Fyksen.