Det var omfattande hærverk på hyttene ved Bardøla høyfjellshotell då russ frå Bergen var på helgetur.
Det var omfattande hærverk på hyttene ved Bardøla høyfjellshotell då russ frå Bergen var på helgetur.

Politiet tek ingen sjansar – blir med bergensrussen på toget til Geilo

Politiet både i Bergen og i Hallingdal er i beredskap før årets russetur til Geilo.

For to år sidan enda det ille då bergensrussen besøkte Geilo. Det såg ut til at dei nærast hadde gått berserk. Det var fyll, slagsmål, skadeverk og bråk frå torsdag til sundag.

– All sunn fornuft var lagt til side. Sjokkerande,sa dåverande politioverbetjent Jan Koldal til Hallingdølen den gongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

No har bergenspolitiet bede foreldre snakke med ungdommane før dei reiser, skrivBergens Tidende.

Politi på toget

Avisa fortel at tilsette i Vest politidistrikt tek toget saman med russen over fjellet.

– Dei er kjekke ungdommar, men det er lett å bli rive med på slike festar. Me er der for å minne dei på kva som faktisk er lov og ikkje,seier Bente Liland, politioverbetjent i Hordaland, til Bergens Tidende.

– Politiet i Bergen vil, som i fjor, ha ei tett oppfølging. Me ønskjer at dette skal bli ei trygg og hyggeleg helg for ungdommane som reiser, for dei andre togpassasjerane og for lokalbefolkninga på Geilo, skriv politiet i ei pressemelding.

Raserte hytte

Det vart ei travel helg for politiet under russeturen for to år sidan. Politiet budde nærast på hotellet der russen heldt hus.

– Ungdommane var svært fulle, og dei tok heller ikkje vare på kvarandre,fortalde Koldal.

Ei hytte var heilt rasert.

Ynskjer russen velkomen

Dagleg leiar i Visit Geilo, Stian Skarsten, ynskjer russen velkommen. Samstundes synest han det er positivt at politiet har vore ute i forkant. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ynskjer alle velkomne til Geilo. Dette er ikkje den einaste gruppa i alderen russefeiring som er innom her. For det meste går det stille, roleg og fornuftig for seg. Og det at éi gruppe gjer noko dumt, skal ikkje øydeleggje for andre. Utgangspunktet er at dette går fint, seier Skarsten. 

Han får støtte frå Terje Simonsen, hotelldirektør på Bardøla Høyfjellshotel – som i 2017 vart overrumpla av ei stor gruppe russ på heisatur. 

– Me er glade for å få besøk, men me har bevisst valt å ta imot færre russ i år for å sleppe å oppleve det same som i 2017, seier Simonsen. 

Han peikar på at russen i framtida kanskje kunne vurdere å arrangere eit større, felles treff på Geilo. Slik kunne ein sikre eit hyggeleg lag med godt vakthald, til fordel for både russ, politi og reiselivsnæring. Samstundes hadde ein ikkje fått spreidde festar ute av kontroll på hytter, hotell og i hus rundt om på Geilo.