Natt til onsdag vart det gjort innbrot i denne bilen i Gamlevegen i Ål.
Natt til onsdag vart det gjort innbrot i denne bilen i Gamlevegen i Ål.

Politiet ber folk følgje med

Politiet ber ålingane vere observante.

Det fyrste innbrotet i Ål skjedde i Granhagen natt til torsdag førre veke. Denne veka skjedde det igjen, denne gongen i Gamlevegen på Sundre. Ein bileigar fann bilruta knust framme på høgre side. Ei lommebok var stolen.

Det siste innbrotet skjedde natt til onsdag eller tidleg på morgonkvisten. Snøfallet gjorde at innbrotstjuven sette spor. Politibetjent Per Kristian Wulvik fortel at politiet har følgd fotspora frå bilen i Gamlevegen, gjennom Trolldalsvegen, gjennom nokre hagar og ned til Sundrevegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan verke som om personen har vandra rundt i sentrum. Det var berre eitt spor å følgje. Politiet ønskjer tips viss nokon har observert ein person som har vandra i dette området, seier han.

Snoka rundt hus og bilar

Personen har kikka på fleire bilar og hus i sentrumsområdet. Politiet har også blitt varsla om at vedkomande kan ha vore andre stader. Fleire huseigarar har funne spor rundt hus, garasje og bilar.

– Me veit ikkje om det er same person, men kanskje har vedkomande snoka rundt fleire hus og kosta vekk snø frå bilrutene for å sjå etter verdisaker. Det er gjort på same måte som bilinnbrotet sist veke. Viss nokon observerer snoking på bilar eller har mistenkjeleg åtferd, vil politiet gjerne ha beskjed, seier Wulvik.

Natt til onsdag vart det gjort innbrot i denne bilen i Gamlevegen på Ål. Politiet ønskjer beskjed dersom nokon har sett mistenkjeleg aktivitet som kan knytast til dette.
Natt til onsdag vart det gjort innbrot i denne bilen i Gamlevegen på Ål. Politiet ønskjer beskjed dersom nokon har sett mistenkjeleg aktivitet som kan knytast til dette.

Fotspor på toglina frå Ål til Geilo

Politiet har førebels ingen observasjonar av personen. Dei veit ikkje om det er mann eller kvinne, gamal eller ung.

– Storleiken på skoa?

– Vanskeleg å svare eksakt på. Mindre enn mine føter i alle fall. Kanskje 40-42, seier Wulvik. Onsdag fekk politiet også melding om at ein person hadde følgd jernbanelina heile strekningen frå Ål til Geilo.

– Me veit ikkje om dette har nokon samanheng. Spørsmålet er om denne personen har noko med innbrotet på Ål å gjere og om nokon som har tips som kan knytast til dette, seier han.

– Det har vore liknande tilfeller både på Nes, Gol og Geilo tidligare i vinter, med tilnærma same framgangsmåte. Me oppfordrar derfor folk om å tipse politiet med ein gong, viss dei ser mistenkjelege personar eller mistenkjeleg oppførsel, legg politioverbetjent Odd Halvard Seterdal til.