Bjørn Lande er uroleg for auka rusmisbruk blant unge. For at dei skal kunne gjere meir, håpar han at folk blir flinkare til å melde frå om hendingar. Frå venstre: Fyrstebetjent Odd Geir Alme, fyrstebetjent Bjørn Lande og politibetjent Heidi Fjellstad.

Politiet ber folk bli flinkare til å melde frå: – Me må få vite om det som skjer

Meldingar om sal av rusmiddel og andre rusrelaterte hendingar lever berre på folkemunne i Nore og Uvdal. Politioverbetjent Bjørn Lande ber folk om å melde frå til politiet.

Hallingdølen fekk nyleg tips om vitne som har observert sal av narkotiske stoff på skulebussen i Nore og Uvdal. Men politiet i Nore og Uvdal har saumfare loggane og finn ingen notat om hendinga.

– Me får ikkje beskjed om slike hendingar og høyrer mest rykte. Det kan sjølvsagt vere eit grunnlagsmateriale, men det er ikkje så lett når innhaldet er uklart, seier Lande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lande fortel at det er vanskeleg å ta tak i rykte, når dei kjem frå tredje- og fjerdehands opplysningar. Han oppfordrar folk til å melde frå om store og små saker.

– Det er ibuande at folk er redde for å kome til oss. Om det så er eins eigne det gjeld, så er det ikkje nødvendigvis at det handlar om straffesaker. Det handlar fyrst og fremst om å førebygge. Men om me skal klare å førebygge så må me få vite om kva som skjer.

Auka tendensar

Lande fortel at dei gjerne skulle fått vite om meir, og at det avgrensar dei i arbeidet rundt rus, om dei ikkje veit om hendingar. Han er uroleg for utviklinga både innan rusmisbruk blant unge, ruspåverka køyring og ungdomsvald, som har hatt ein synleg auke den siste tida.

– Klart me er bekymra. Dette blir eit helseproblem som blir vanskeleg å gjere noko med. Men me kjem ingen veg utan foreldra. Alt startar heime. Me vil spele på lag, seier han.

Lande er tydeleg på at det framleis er forbode med bruk, sal og oppbevaring av narkotika.

– Ved misbruk blant yngre, så skal me hjelpe dei, forsikrar han og fortel at dei vil legge til rette for hjelp og oppfølging inn i helsesporet.

Politiet har ingen heimel for å gripe inn på privatfestar utan konkrete tips med juridisk grunnlag eller ferske spor. Difor er dei avhengig av at folk varslar.

Han seier at foreldra må vere på vakt og følgje med på avvik som auka pengebruk og liknande. Dei skal heller ikkje vere redde for å ta kontakt med politiet eller med helsesektoren i kommunen om dei treng støtte eller råd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forskjell på statistikk og verkelegheit

Lande stiller seg spørsmålet om kvifor både ruspåverka køyring, narkotika blant unge og ungdomsvald har så stor auke i fleire politidistrikt. Han har ingen svar på kvifor, men trur at det er openbert kva som må til.

– Her må me inn og me må førebygge. Då må me av med solbrillene og ut av bilane våre. Me må snakke med folk og vere der folk er. Ungdomsgenerasjonen må vere og er i fokus no.

Lande meiner det er mørketal i statistikkane og at desse ikkje viser heile biletet.

– Det er nok slik at statistikk og verkelegheit ikkje alltid går hand i hand. Og me må spørje oss sjølv: Kvar står me? Kvar går me? Og kva gjer me?

Lande er også opptatt av at ungdommane skal forstå at politiet er der for dei, og at dei kan kome om dei har noko dei vil prate om.

– Me bryr oss om ungdommen og ynskjer dei alt vel. Det gjer at me må vere der dei er. Me er også ein omsorgsetat, fortel han.