Per Vålnes.
Per Vålnes.

Per Vålnes kan få verje

Nord-Troms tingrett skal vurdere om Per Vålnes får oppnemt verje.

Då Vålnes vart meldt sakna 1. desember 2011, eigde han eit musikkstudio, fleire verdifulle gitarar, fotoutstyr, ein varebil, ein tilhengjar og ein ATV.

Ifølgje VG er det ekssambuaren som disponerer eigedelane hans. Ho er sikta for drapet saman med den nye sambuaren hennar og ein kjenning av desse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gav bort

I fengslingsdokumenta i Nord-Troms tingrett kjem det også fram at den drapssikta ekssambuaren og kjærasten hennar gav bort MC-jakka til Vålnes berre ein månad etter at han vart meldt sakna.

Etter at familien til Vålnes vende seg til tingretten i førre veke, skal retten vurdere om det skal nemnast opp verje for den sakna.

Regionslensmann Andreas Nilsen seier til Hallingdølen at i den perioden dei sikta var fengsla, i godt og vel i eitt år, hadde ein kontroll på lausøyre. Huset var sperra av, og det vart teke beslag i blant anna datautstyr på jakt etter spor.

Er sperra

– Bankkontoen er sperra, og to køyretøy og ein tilhengjar er ikkje omregistreringsbare og står der. Når det gjeld anna lausøyre, som nokre gitarar, har me ingen garanti for at dei er på eigedommen no. I verste fall kan dei vere omsett, seier Nilsen.

Nilsen seier at det ikkje er politiets jobb å ta hand om arverettslege konsekvensar i ei straffesaka. Politiet har tilvist til bistandsadvokat som kan rettleie dei som måtte arve han. Fordi det ikkje er gjort konkrete grep blir det no vurdert å utnemne verje, seier Nilsen.

Ingen funn

Leitinga etter Vålnes under golvet på Vollan gjestestove i Balsfjord går for fullt.

– Men det er ikkje gjort funn, seier Andreas Nilsen.