Gamle Hovet skole blir bygd om til næringsareal. I løpet av året har tre bedrifter etablert seg her.
Gamle Hovet skole blir bygd om til næringsareal. I løpet av året har tre bedrifter etablert seg her.

Pengar til Hovet

Det kjem pengar frå Hol kommune til ombygging av Hovet skole.

I forrige møte løyvde formannskapet inntil 400.000 kroner til ombygging av andre etasje.

Her har kunstnaren Gunnveig Nerol ytra ønske om å flytte inn. Frå før er det klart at møbelsnikkar Leif Aulie opnar i første etasje til sommaren. Kjellarlokala har Irene Grøgård leigd for å produsere gardiner. Ordførar Petter Rukke kallar prosjektet med å fylle det gamle skulebygget med ny aktivitet unikt. Hovet skole vart lagt ned i juni 2015. Barneskuleelevar frå Hovet går no på Hallingskarvet skole.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skrekkscenariet var at det vart ståande tomt. Dette har gått betre enn mange frykta, seier Rukke.

Sjølv om skulen vart lagt ned, har kommunen halde oppe drifta av gymsal, symjehall og bibliotek.