Pelletsomnen på skuleområdet i Ål sentrum vart ikkje den suksessen som ein venta. Kor mykje av investeringa på vel 7 millionar kroner som er bortkasta er uvisst.
Pelletsomnen på skuleområdet i Ål sentrum vart ikkje den suksessen som ein venta. Kor mykje av investeringa på vel 7 millionar kroner som er bortkasta er uvisst.

Pelletsanlegg vart økonomisk fiasko

Hallingdals første store pelletsanlegg er ikkje i bruk.

Mykje har slått feil med satsinga på felles pelletsomn for skuleområdet i Ål.

I vinter står anlegget ubrukt for tredje vinteren på rad. Kommunen vurderer ombygging eller å gå over til jordvarme. Det er for tidleg å seie i kva grad investeringa som var kostnadsrekna til 7,2 millionar kroner er heilt bortkasta. Det kjem blant anna an på i kor stor grad anlegget kan brukast ved ein eventuell overgang til jordvrarmeteknologi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har ikkje lukkast Hallingdølen å få greie på kor mykje anlegget har kosta totalt.

God pelletsstemning

Dette har skjedd: I 2006 ville politikarar i Ål gjere kommunen til ein spydspiss på miljøvennleg oppvarming. Ein la til grunn at prisen på elektrisk straum ville bli verande høg og kanskje til og med auke. Dermed skulle pellets vere god butikk. I Kleivi gjekk pelletsproduksjonen for fullt. Å investere i eit større pelletsanlegg vart sett på som ei handsrekking til produsenten. Det kunne dessutan motivere andre til å tenkje alternativt og framtidsretta.

Stilte spørsmål

Rådmann Trond Kleppen var skeptisk, ut frå økonomiske omsyn, og råda kommunen til å halde seg til økonomiplanen. Kommuneøkonomien var trong også i 2006.

Trond Kleppen, tidlegare rådmann i Ål kommune
Trond Kleppen, tidlegare rådmann i Ål kommune

– Eg var vel skeptisk både til teknologien, økonomien og miljøaspektet, seier Kleppen i dag, eit lite tiår etter.

Han var i tvil om faktagrunnlaget var grundig og objektivt nok.

«Det er ikkje heilt truverdig at alle føresetnadane som no er lagt inn, synest å vere strekt maksimalt i ei retning», skreiv han. Motførestillingar og kontrollspørsmål var det lite av.

– Det bles ein miljøvind den gongen, men no kan det høyrest ut som skepsisen var på sin plass, seier Kleppen.

Hans råd den gongen var å heller går for ein felles varmesentral for heile Sundre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt vart feil

Det skjedde ikkje. I staden gjekk ein for eit mindre anlegg, men med ein større pelletsomn, slik at fleire bygg kunne nytte seg av varmen.

Omnen har sidan skapt problem fordi han er feildimensjonert. Brennaren på 600 kW er rett og slett for stor, og skaper mykje meirarbeid. Anlegget legg beslag på åtte dagsverk kvar driftsmånad, opplyser administrasjonen i dag. Anlegget må ha det kaldare enn minus fem for ikkje å få skader på utstyret.

– For tida pågår ei utgreiing om kva ein kan gjera for å få lønsam drift på anlegget, opplyser leiar for utviklingsavdelinga i kommunen, Reidun Aaker.

Varmar med elektrisk straum

Ål kommune slit for tida med trong økonomi, og har ingen planar om nye investeringar i pelletsfyring.

Det er ei trøyst at anslaget om høge straumprisar i 2006 ikkje slo til. Dermed kan elkjelen, som også står i anlegget, halde fram å varme opp bygningane på skuleområdet, til ein lågare pris enn det ein frykta den gongen.

Om det er pengar til nyinvesteringar eller å konvertere anlegget til jordvarme står att å sjå.

* Ål kommune vedtok i 2006 å investere i eit pelletsfyringsanlegg

* Anlegget skulle varme opp fleire kommunale bygg på skuleområdet

* Dette var det første større kommunale pelletsanlegget i Hallingdal

* Anleggskostnaden var på 7,2 millionar kroner, men på grunn av billeg brensel skulle ein spare på drift

* Anlegget har ikkje vore i drift sidan vinteren 2013

* Kommunen vurderer å gå over til jordvarme