annonse

Pågripen etter å ha vist fram kniv

Ein mann i 40-åra vart natt til onsdag pågripen der han bur etter at han hadde vist fram ein kniv inne på Pers hotell i Gol. Mannen skal ha vore berusa.

Den pågripne hadde ikkje truga nokon direkte med kniven, men fleire vart skremt av hendinga.

Politiet melde om saka på twitter klokka 01.15. Saka blir etterforska vidare.

annonse