På banen i kampen for tryggare trafikk

Trafikksikkerheitsdagen på Tisleifjorden er eit unikt prosjekt. Turi Gestemoen frå vegvesenet, Kari Birgit Møllerplass frå politiet og dei mange andre bak arrangementet er verkeleg på banen, i dobbelt forstand.

Fyrst møter arrangørane ungdommen med direkte og tøff informasjon om kva som kan gå gale, og om konsekvensane av ulykker. Neste moment under teoritimen handlar om kva slags arbeid med tankar og handlingar som må til, for unngå ulykker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Deretter er det ut på dei fire banane som er brøyta ute på isen. Her er det fart og spenning under trygge tilhøve. Det er lov å teste kva grenser som gjeld på isglatt føre. Når grepet på isen tek slutt, så er det brøytekanten som ventar. Ikkje eit motgåande køyretøy.

Arrangementet har pågått i 11 år. Det er stadig utvikla til ein betre utgåve, og denne gongen var det nærare 60 ungdommar som stilte opp. Gjerne med stor L på bakluka, og ein halvredd far eller bestefar som passasjer.

Frykta til ledsagarane knytta seg kanskje vel så mykje til prisen på mogleg herpa, eller avslitne, plastdelar på bilen. Til det er å seie at lærdom kostar. Den er dessutan alltid billigare på Tisleifjorden, enn ute i trafikken.

Trafikken på vegane er no ein gong noko av det farlegaste me kvardagsmenneske gir oss i kast med. Med eit slikt bakteppe har det lett for på bli mykje gravalvor i informasjonsarbeidet. Då kan det bli tungt å nå den viktigaste målgruppa. Ungdommen.

Arrangementet på fjorden syner at det er råd å nå fram med litt lausare snipp. Her ser me ein kombinasjon av livsviktig, og direkte, teori kombinert med svær motiverande praktiske øvingar. Det er dette som gjer arrangementet unikt.

Me meiner at isen på Tisleifjorden godt vil tole nye slike informasjonsdagar i åra framover.