På Storefjell tysdag og onsdag denne veka får ungdom i Hallingdal eit innblikk i kva jobbar som finst i Hallingdal.
På Storefjell tysdag og onsdag denne veka får ungdom i Hallingdal eit innblikk i kva jobbar som finst i Hallingdal.

Over tusen ungdommar snusar på yrke og utdanning

Ein jobb i reiselivet? Ambulansearbeidar? Konditor? Eller kanskje ein karriere i kommunen?

Utdanning og yrke er eit viktig val ungdommen skal ta. Då gjer det det litt enklare at dei kan få ein smakebit på yrkesvegar ein kan gå i Hallingdal.

I dag og i morgon er over tusen ungdommar samla på Storefjell på Golsfjellet for å lære om kva jobbar som finst i Hallingdal, kva utdanning som leier til desse jobbane og kanskje fattar dei interesse for ein jobb dei ikkje hadde tenkt over at fanst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Yrkesmessa går av stabelen annakvart år, og får besøk av niande- og tiandeklassingar, samt elevar på vidaregåande. Messa sette ny rekord i år, med 68 utstillarar. For foreldre som vil henge med i svingane er yrkesmessa også open på ettermiddagstid.

Då yrkesmessa opna  i dag, stod utstillarane frå næringslivet, kommunane, utdanningsinstitusjonar og bedrifter som tek i mot lærlingar klare for å svare på spørsmål og prate varmt om nettopp sitt yrke.

Tre messehallar med totalt 1200 kvadratmeter byr på utstillingar og aktivitetar. Reiselivet åleine fyller 350 kvadratmeter, men så har dei også 40 lærlingplassar som til kvar tid skal fyllast.