Det var stort engasjement då kommunen inviterte til ope møte om den nye kommunedelplanen for Sundre. I etterkant er det kome inn over 50 merknader før politisk behandling 20. februar.
Det var stort engasjement då kommunen inviterte til ope møte om den nye kommunedelplanen for Sundre. I etterkant er det kome inn over 50 merknader før politisk behandling 20. februar.

Over 50 merknader til plan for Sundreområdet

Fylkesmannen er kritisk til ny bruk av dyrkamark. Det er store interessemotsetningar på fleire av dei planlagde utbyggingsområda.

– Det har vore stort engasjement. At det kjem mange innspel er ikkje uventa, seier ordførar Solveig Vestenfor (Ap), leiar i kommuneplanutvalet, som måndag skal ta til med Kommunedelplan for Sundreområdet – ein plan som etter ein høyringsrunde står med over 50 merknader.

Ordførar vil støtte rådmannen

Det er fylkesmannens motsegn mot bruk av dyrkamark som er mest kritisk. Dette er område kommunen må i dialog med fylkesmannen om for å kome vidare. Dei kring 50 andre merknadane er meir uttrykk for at det er ulike interesser. Her kan politikarane velje og vrake.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis vil de går fram?

– Me må ta område for område. Eg skal ikkje føregripe, men rådmannen har kome med ei innstilling, som eg i hovudsak kjem til å støtte, seier Vestenfor.

Til kamp for dyrkamarka

Det betyr blant anna å ta runden med fylkesmannen om bustadområde på dyrkamark både på Hago, Leksvol og Gjeldokk.

Dei gule flekkane på kartet viser kor kommunen ser for seg at det kan bli nye bustadområde i framtida. Det er særleg kring bustad og næring det er ulike meiningar.
Dei gule flekkane på kartet viser kor kommunen ser for seg at det kan bli nye bustadområde i framtida. Det er særleg kring bustad og næring det er ulike meiningar.

Her kjem etter alt å døme Senterpartiet til å melde seg på.

– Me vil ta vare på dyrkamark. Det er ein ikkje-fornybar ressurs, seier Ole Egil Trintrud, varaordførar (Sp).

- Men det er behov for både bustader og næring i sentrum?

– Men i kommuneplanen står det at ein også skal ta vare på landbruket. Det er ikkje eit problem med for få bustadtomter i sentrum. Me må ta oss råd til å ta vare på dyrkamarka, seier Trintrud, på generelt grunnlag. Sakspapira har han førebels ikkje sett på.

Næring og ulike interesser

Politikarane må i alle fall ha sett på merknadane før møtet måndag. Når det gjeld næringsareal har ordføraren hatt ein runde med både næringsaktørar og grunneigarar. Administrasjonen har hatt dialog med dei fleste som har kome med merknader.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med så mange merknader til planforslaget kan ein ikkje gjere alle til lags?

– Enkelte stader kan me få til byte. Andre stader kan me omregulere frå landbruk til næring. Det kan opne for utbygging. Me må ha større næringsareal i sentrum. Det har me fått sterke signal på, seier Vestenfor som generelt er fornøgd med at planen har skapt stort engasjement.

– Det er ein viktig og stor plan som ikkje blir revidert kvart år. Alle innspel som har kome er difor bra. No må politikarane gjere dei vurderingar me meiner er best.

Avhengig av kva kommuneplanutvalet landar på vil det mest truleg bli sak for kommunestyret i mars eller april.