Ei kongeørn gjekk sigrande ut av ein luftkamp med ei drone som kom inn i territoriet i Nes torsdag. Blodflekk på dronevengen tyder på at det gjekk hardt for seg. (Arkiv
Ei kongeørn gjekk sigrande ut av ein luftkamp med ei drone som kom inn i territoriet i Nes torsdag. Blodflekk på dronevengen tyder på at det gjekk hardt for seg. (Arkiv

Ørna vann luftkrigen

Eit dronefly tapte luftkrigen med ei kongeørn i Nes og havarerte med knekte venger.

Eit kongeørnpar har i åtte-ti år hatt reviret sitt i Todalen i Nes. Torsdag var dei i luftkamp med eit dronefly.

Luftkamp i Todalen

Ørneparet har vore eit ynda fotoobjekt for hobbyfotograf Tore Haraldset og ein kamerat. I fleire år dei fotografert og studert kongeørnane frå ein gøymestad i skogen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei mektige rovfuglane har levd sitt liv og ikkje brydd seg om at dei har vorte fotografert og følgt med frå bakken. Men då det kom eit dronefly inn i luftterritoriet deira for å fotografere dei, gjekk kongeørnane til angrep. Dei ville ikkje ha nokon inntrengjar og konkurrent.

Luftkrigen enda med at droneflyet styrta. Eigaren av fotodronen fann flyet i snøen med knekte venger og blodflekk.

Følgjer nøye med

Dronefotografen kjende til at Haraldset hadde følgt med og fotografert kongeørnane. Han tok kontakt og fortalde om episoden då han fann det havarerte droneflyet.

– Han var lei seg og fortvila og beklaga at han hadde sendt dronen opp i territoriet til kongeørnane. Det var veldig bra at han tok kontakt og melde frå. For då kan me følgje med om dei er skadde, seier Tore Haraldset.

Kongeørnane er neppe hardt kvesta. Seinare på dagen vart begge observert i lufta.

– Eg reknar med at dei kjem på åta. Så me kjem til å følgje nøye med i helga og tida framover for å sjå om begge er uskadde. Sjølv om dei er flygedyktige, kan blodflekken tyde på at ein av dei er skadde, seier Haraldset.

– Må vise aktsemd

Også rovfuglekspert Per Furuseth i Hol vart varsla om luftkrigen mellom kongeørnane og dronen i Nes.

– Heldigvis vart begge kongeørnane observert i lufta etterpå, så det kan ha gått bra. Men blodflekken kan også tyde på at ein fot eller eitt auga er skadd. Det blir interessant å følgje med på åta, seier Furuseth.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rovfugleksperten kjem med ei oppmoding til alle som brukar dronefly.

– Dronefly har vorte meir og meir vanleg og er i ferd med å bli eit problem for fuglar generelt. Territoriale rovfuglar ser på dronar som ein konkurrent og inntrengjar. Alle som brukar dronefly må vise aktsemd, ta omsyn til fuglar og ikkje leike seg fritt. Ein bør helst vera to, då kan den eine følgje med i kikkert om det er fuglar i nærleiken, seier Furuseth.