Heidi Granli meiner det er ein styrke at Hallingdal står samla i saka om skattekontor. (Arkivfoto)
Heidi Granli meiner det er ein styrke at Hallingdal står samla i saka om skattekontor. (Arkivfoto)

Ordførarane gjer felles front

Ordførarane i Hallingdal ber om eit møte med Skattedirektoratet.

– All merksemd må no rettast mot direktoratet, seier Gol-ordførar Heidi Granli.

– Argumentasjonen frå Finansdepartementet og Skattedirektoratet heng ikkje på greip. Det blir heilt feil å leggje ned skattekontoret i Hallingdal, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

I mindretal

I Stortinget tysdag gjekk det som venta.

Forslaget frå Sp, KrF og SV kom i klart mindretal. Partia ville ha Stortinget med på å be regjeringa gjere ei vurdering av talet på skattekontor på nytt ut frå overordna distriktspolitiske vurderingar og betydninga av statlege arbeidsplassar i denne samanhengen. Fleirtalet i finanskomiteen meinte at nedlegginga av skattekontor er tilstrekkeleg greidd ut. Det er no gitt grønt lys til å leggje ned 50 skattekontor her i landet. Eitt av desse er skattekontoret i Hallingdal på Gol.

– Det er synd at me ikkje nådde fram i ei sak der Hallingdal står heilt samla, seier Granli.

– Ser framover

Det var ikkje mykje hjelp å få hjå Buskeruds eigne stortingsrepresentantar. Seks av dei stemte med fleirtalet, berre Per Olaf Lundteigen (Sp) stemte imot. Til det seier Granli:

– Me har arbeidd tverrpolitisk mot buskerudbenken, og me har hatt kontakt med KrF i finanskomiteen. Me har vore på banen lenge. No rettar me blikket framover.

– Er du skuffa over ditt eige parti, Ap?

– Eg vil ikkje rette peikefingeren mot nokon. Politikarane som me har møtt møte med er samde om at det er eit arbeidsuhell som har ramma Hallingdal. Det er synd at det gjekk slik, eg hadde sett for meg ein heilt annan utgang. Men me er framleis med, me gir oss ikkje, seier Heidi Granli.