Sniknedlegging? Ordførar Ivar Brevik fryktar at tilfeldige opningstider ved Ål lensmannskontor er fyrste steg mot nedlegging.
Sniknedlegging? Ordførar Ivar Brevik fryktar at tilfeldige opningstider ved Ål lensmannskontor er fyrste steg mot nedlegging.

Ordførar fryktar sniknedlegging

– Me finn oss ikkje i at Ål lensmannskontor er stengt to dagar på rad utan varsel. Har det starta ei sniknedlegging og styrt sentralisering til Gol?

Ordførar Ivar Brevik er opprørt, frustrert og forbanna. Måndag og tysdag denne veka kom publikum til stengt dør ved Ål lensmannskontor.

Stengt to dagar

– Eg hadde eit ærend på lensmannskontoret litt før klokka ti tysdag. Der kom eg til stengt dør utan lapp på døra. Eg ringde lensmannskontoret og kom til operasjonssentralen på Hønefoss. Der visste dei ingenting om at kontoret på Ål var stengt, seier ein opprørt Ål-ordførar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brevik har hatt kontakt med frustrerte sambygdingar som opplevde det same måndag og tysdag. Han er klar over at lensmannskontoret ofte har hatt redusert opningstid i det siste på grunn av bemanningsproblem. Men då heng det lapp på døra når kontoret opnar.

– Opningstida er frå klokka 09 til 14. Det minste ein kan forlange er at det er varsel på døra når kontoret er stengt og når det opnar, seier han.

– Politimeisteren sitt ansvar

Ivar Brevik legg ikkje skulda for tilfeldige og uforutsigbare opningstider på dei tilsette ved Ål lensmannskontor. At ikkje operasjonssentralen på Hønefoss var orientert om at Ål-kontoret var stengt, ser han på som eit overordna problem.

Ordførar Ivar Brevik t.v. aksepterer ikkje at Ål lensmannskontor er stengt to dagar på rad utan lapp på døra. Her i samtale med Frederick Lund som også er frustrert over tilfeldige opningstider.
Ordførar Ivar Brevik t.v. aksepterer ikkje at Ål lensmannskontor er stengt to dagar på rad utan lapp på døra. Her i samtale med Frederick Lund som også er frustrert over tilfeldige opningstider.

– Redusert opningstid og stengt dør har auka etter at lensmann Mikkelrud vart overført til Gol. No har Ål og Hol felles lensmann, og han kan ikkje vera begge stader samstundes. Dette er politimeisteren sitt ansvar å rydde opp i, seier Ivar Brevik.

– Sniknedlegging?

Ordførar Brevik er kjent med at publikum kjem til stengt dør ved andre lensmannskontor i Hallingdal i ordinær opningstid.

– Dei har same problemet i Hol og Nes, medan lensmannskontoret på Gol aldri er stengt. Er det på gang ei sniknedlegging og styrt sentralisering til Gol utan me veit om det?

– Slik vil me ikkje ha det. Det finn me oss ikkje i, seier ein opprørt Ål-ordførar.

Lensmannskontoret på Ål opna ved halv eitt-tida tida tysdag. Då kom det ein politibetjent frå Gol og tok imot kundar.