Ordførar Tore Haraldset set ombygging av Tinghuset øvst på prioriteringslista.
Ordførar Tore Haraldset set ombygging av Tinghuset øvst på prioriteringslista.

Ordførar avviser kritikken

Nes kommune jobbar på høggir for å få på plass ein felles rettsstad i Hallingdal.

– Denne saka har topp prioritet, seier ordførar Tore Haraldset.

Han uttalte til Hallingdølen laurdag 13. februar at han var skeptisk til å setje i gang ombygging av Tinghuset i Nesbyen ved ei samlokalisering av tingretten og jordskifteretten dersom Domstoladministrasjonen (DA) berre ville inngå ei leigeavtale for fem år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forhandlar

Høgre, Sp, KrF og Ap skulda han i Hallingdølen laurdag for å vere for passiv. Til det seier Haraldset:

– Det er vanskeleg for meg å seie noko om denne saka mens me er i forhandlingar med DA. Men me sit ikkje med hendene i fanget.

– No har DA gått med på ein leigeavtale med ti års varigheit?

– Ja, og det endrar situasjonen mykje. Men eg skulle ønskt at me hadde fått ei enda lengre leigetid. Me har fått signal om at det andre stader er gjort vedtak om lengre leigetid enn 10 år.

– Korleis reagerer du på at dei fire partia no garanterer for ei utbygging av Tinghuset uansett?

– Det er sett av 20 millionar. Men det er ikkje rekna nøyaktig på dette, beløpet kan like gjerne bli 25 millionar. Eg ville ikkje ha gått så tøft ut, seier Haraldset.

Blir prioritert

Ettersom avgjerda om Nes skal innføre eigedomsskatt eller ikkje er sett på vent, blir det ein ny gjennomgang av investeringsbudsjettet fordi rådmannen hadde føresett at Nes kommune innførte eigedomsskatt i heile kommunen frå 2017.

Blir det kutt i investeringane, har Høgre, Sp, KrF og Ap likevel garantert for at det blir ei utbygging av Tinghuset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg set også dette prosjektet øvst, seier Tore Haraldset.