Oddrun og Jan Weierud har hytte ved Hallingen på Golsfjellet og vil gjerne bli kvitt ein telefonstolpe som står i tomtegrensa. Men dei får ikkje kontakt med nokon i Telenor som kan svara på om stolpen skal stå der eller kan fjernast.

Oppgitt over tungrodd system i Telenor

– Det er ingen som kan svara på om stolpen må stå her eller skal fjernast. Har Telenor mista kontrollen, oversikta og interessa for kundekontakt?

Oddrun og Jan Weierud er oppgitt og frustrert over det dei synest er eit tungrodd og lite kundevennleg system i Telenor.

- Eg gir meg ikkje før eg får eit skikkeleg svar på om stolpen må stå her, seier Oddrun Weierud som har hytte ved Hallingen på Golsfjellet.

– Ingen som kan svara

For 17 år sidan kjøpte ekteparet frå Drammen ei hytte ved Hallingen på Golsfjellet som dei har pussa opp og bygd på. Der stortrivst dei og brukar hytta mykje både sommar og vinter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Nesten ikkje korona i Flå: - Flaks og tilfeldig

I tomtegrensa står det ein telefonstolpe som dei gjerne vil bli kvitt. Ettersom både telefon- og straumnettet går i jordkablar, tvilar dei på at stolpen har nokon misjon.

– Stolpen har stått her sidan me overtok. Me har prøvd fleire gonger å kontakte Telenor for å få svar på om stolpen kan fjernast, utan å lykkast. Jan har gitt opp, så no har eg overtatt, seier Oddrun Weierud.

Oddrun Weierud har prøvd alle metodar, men får ikkje kontakt med nokon i Telenor som kan svara på om stolpen ved hytteveggen må stå der.

– Har stoppa heilt opp

Ho starta jakta i Telenor-systemet med å ringe Telenor Gol. Då hamna ho i ein telefonsvarkø med mange svaralternativ, men ingen som passa. Det var heller ingen som svara.

– Eg prøvde å chatte på nettsidene til Telenor, men det funka heller ikkje. Etter kvart fekk eg prata med ein person som bad meg fylle ut eit skjema. Men det er ikkje skjema til slikt på nettsidene. Eg spurte også om me kan fjerne stolpen sjølve, men det har me ikkje lov til. Så no har det stoppa heilt opp. Eg gir meg ikkje før me får eit skikkeleg svar, seier Oddrun Weierud.

«Telenor er ansvarleg»

Det einaste hytteeigarane på Golsfjellet har å halde seg til, er informasjon på nettsidene til Telenor.

Les også
Kongen av campingplassen

Weierud viser eit utklipp der det står at «Telenor er ansvarleg for eigne stolpar og luftspenn uansett om dei er i bruk eller ei. Telenor-eigde stolpar og kablar som ikkje lenger er i bruk, blir fjerna neste gong det skal utførast periodisk vedlikehald i området. Individuelle førespurnader om fjerning av ledige stolpar blir ikkje behandla».

Eg gir meg ikkje før me får eit skikkeleg svar. Oddrun Weierud, hytteeigar på Golsfjellet.
Oddrun og Jan Weierud får ikkje kontakt med nokon som kan svara på om telefonstolpen ved hytteveggen ved Hallingen på Golsfjellet må stå der.

Krev fornuftig svar

– Me er berre ute etter å få eit fornuftig svar på om stolpen er i bruk, og kor lenge han skal stå her. Men det går ikkje an å få svar. Dersom stolpen har ein misjon, vil me sjølvsagt akseptere det. Då må han berre stå her, seier Jan Weierud.

Kona Oddrun stiller desse spørsmåla:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det telefonsvararar og skjemaveldet som har overtatt styringa i Telenor? Har dei mista kontrollen, oversikta og interessa for direktekontakt med kundane. Er dei berre interessert i å selja abonnement?

Les også
Ein hissig optimist

Oddrun Weierød er oppgitt og frustrert over det ho synest er eit tungrodd og lite kundevennleg system i Telenor.

– Eg forstår godt at folk gir opp når dei møter eit slikt system. Men det nektar eg å gjera, seier ho.

Telenor svarar: – Alle gamle stolpar skal vekk

– Eg beklagar at hytteeigarane ikkje har fått tilbakemelding. Alle gamle stolpar som ikkje er i bruk skal vekk.

Det seier informasjonssjef i Telenor Norge, Magnus Line.

Informasjonssjefen kjenner ikkje til om stolpen ved hytteveggen til ekteparet Weierud eller andre stolpar ved Hallingen på Golsfjellet skal fjernast. Men på generelt grunnlag har han denne kommentaren:

– Alle gamle stolpar som ikkje er i bruk lenger, skal vekk. Det skjer systematisk frå område til område. Å fjerne enkeltstolpar blir berre prioritert når det gjeld liv og helse, seier informasjonssjef Magnus Line.

Les også
Modig satsing i ei krisetid

– Kan privatpersonar fjerne stolpar som ikkje lenger er i bruk?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, det er det berre autoriserte fagfolk som kan gjera.

– Din kommentar til at ekteparet på Golsfjellet ikkje får svar på om stolpen ved hytteveggen må stå der?

– Eg beklagar at dei ikkje har fått svar eller tilbakemelding, og at kundeservicen i slike spørsmål kunne vera betre.

Informasjonssjef Magnus Line ber om adresse til hytta til ekteparet Weierud for å avklare om det er Telenor som eig og har ansvaret for stolpen.