Goling vart dømt.
Goling vart dømt.

Oppbevarte rifle på soverommet

Ein goling oppbevare ei rifle ulovleg – og må i fengsel.

Det var ei rifle kaliber 22 han oppbevarte i huset sitt utan løyve. Rifla låg i eit klesskåp på soverommet.

Mannen, som er i 40-åra, vart tiltalt for brot på våpenlova. Han forklarte i retten at han hadde kjøpt våpenet for mange år sidan, og at han ikkje hadde skote med det. Han hadde heller ikkje ammunisjon til våpenet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det hjelpte ikkje. Hallingdal tingrett slår fast at det skal reagerast strengt mot ulovleg erverv og oppbevaring av våpen. Golingen vart dømt til fengsel i 16 dagar.