Utval for kultur og levekår vil at framtidige Høgehaug skal romme både sjukeheimsplassar og omsorgsbustader.
Utval for kultur og levekår vil at framtidige Høgehaug skal romme både sjukeheimsplassar og omsorgsbustader.

Opne for fleksibel bruk av Høgehaug

Utval for kultur og levekår (UKL) i Hol er ikkje tilfreds med rådmannens innstilling. Utvalet vil at det framleis skal vere sjukeheimsplassar på Høgehaug.

Med eit felles forslag som blir lagt fram som tilråding til kommunestyret seinare i månaden, tek UKL truleg i stor grad brodden av den diskusjonen som var under oppsegling. I si opphavlege innstilling har rådmannen teke til orde for ei utbygging/ombygging til utelukkande omsorgsbustader. Det har provosert mange, på bakgrunn av tidlegare vedtak i kommunestyret.

Til møtet i UKL torsdag kom rådmannen rett nok med ei endra innstilling. Men UKL ønskte å understreke endå tydelegare at sjukeheimsplassar og omsorgsbustader skal vere sidestilte i ein utgreiingsfase.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klar tale

Utvalsleiar Line S. Persson (Frp) gjorde det innleiingsvis klart at partiet hennar ønskte å behalde dei sjukeheimsplassane ein har i dag. Frp vil ha utgreidd ei løysing der den gamle delen av Høgehaug blir riven og erstatta med nybygg som rommar sjukeheimsplassar og omsorgsbustader for heildøgns omsorg. Den nyaste delen bør pussast opp/oppgraderast til sjukeheimsplassar.

Sigrid Simensen Ilsøy (Sp) meinte det ikkje var nødvendig å diskutere talet på ulike slags plassar på noverande tidspunkt.

– Det som er viktig å slå fast, er at det SKAL vere sjukeheimsplassar på Høgehaug, slik det tidlegare er vedteke to gonger i kommunestyret, sa ho.

Også Mathias Eide Sataøen (V) var skeptisk til å fatte for detaljerte avgjerder no. Den framtidige organiseringa bør haldast litt open og vere fleksibel, meinte han.

Undrande

Harald Havikhagen (Ap) stilte seg undrande til at rådmannen i si opphavlege innstilling unnlet å bruke omgrepet «sjukeheimsplass» om den framtidige organiseringa på Høgehaug.

– I rådmannens forslag ligg det opplagt ei føring for at sjukeheimsplassar blir lokalisert til det vestre dalføret, slo han fast.

Frå administrasjonen vart det stadfesta at det i prinsippet ikkje er nokon arkitektonisk skilnad på eit sjukeheimsrom og ein omsorgsbustad for heildøgns omsorg. Dei kan byggjast nokolunde likt.

– Poenget må vere at det er personen som bur der, og behovet hans eller hennar, som definerer kva slags rom det er, sa Claus Quist-Hanssen (H).

Artikkelen held fram under annonsen.

Begge delar

I tilrådinga til kommunestyret opnar UKL for at det kan leggjast til rette for både sjukeheimsplassar og omsorgsbustader i alle delar av Høgehaug. Alle omsorgsplassane i øystre Hol skal lokaliserast til området Høgehaug. Ein vil ha utgreidd ei løysing der den gamle delen blir riven og erstatta med nybygg som kan huse sjukeheimsplassar og omsorgsbustader for heildøgns omsorg.

For den nye delen ønskjer ein utgreidd ei løysing der eksisterande bygg anten blir rive eller pussa opp til sjukeheimsplassar eller omsorgsbustader.

Det blir elles lagt til grunn at kommunestyrets vedtak i sak 13/11 om lokalisering og funksjonsdeling i pleie og omsorg, må gjelde. Men gjeldande pleie- og omsorgsplan skal rullerast som føresett i løpet av dette året.