Torsdag opnar dørene til landets største Jysk-butikk. Dei siste vekene har butikksjef Geir Liodden og dei tilsette jobba seint og tidleg for å fylle hyllene med varer.
Torsdag opnar dørene til landets største Jysk-butikk. Dei siste vekene har butikksjef Geir Liodden og dei tilsette jobba seint og tidleg for å fylle hyllene med varer.

Opnar landets største Jysk

Laurdag stengde Jysk butikken i sentrum. Torsdag opnar dei dørene til eit nytt varehus på Glitre.

I haust starta arbeidet med å setje opp den nye butikken – ein diger stålhall som rommar ei salsflate på 1100 kvadratmeter.

Tysdag var den siste traileren med varer på plass før opninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Størst i landet

Frå å vere ein liten distriktsbutikk i tronge lokale, har den nye butikken blitt ein fullsortiment butikk.

– Me er faktisk den største Jysk-butikken i landet, seier butikksjef Geir Liodden.

– Størst i kvadratmeter, men neppe i omsetnad?

Jysk flyttar ut av Gol sentrum og inn i nye lokale på Glitre. – Me må plassere oss der me er lett tilgjengeleg for kundane, seier distriktssjef Gunnar-Jan Holsen.
Jysk flyttar ut av Gol sentrum og inn i nye lokale på Glitre. – Me må plassere oss der me er lett tilgjengeleg for kundane, seier distriktssjef Gunnar-Jan Holsen.
distriktssjef i Jysk, Gunnar-Jan Holsen.
distriktssjef i Jysk, Gunnar-Jan Holsen.

– Me ligg ikkje akkurat midt i byen, det er klart det påverkar salet. Men på sikt trur me omsetnaden vil ta seg opp, seier han.

Jobba seint og tidleg

Alt 19. mai starta Liodden og dei tilsette å rydde seg ut av sentrum og fylle hyllene i den nye butikken med varer. I helga stod trailerane i kø ved losserampa. Inne i butikken sprang dei tilsette i skytteltrafikk for å få varene på plass. Den siste veka har dei jobba seint og tidleg.

– Det var ei stund eg såg mørkt på om me rakk å bli ferdig, men i løpet av helga var me i rute, seier han.

Fryktar ikkje netthandel

Distriktssjef Gunnar-Jan Holsen har ikkje dårleg samvit for at Jysk flyttar ut av sentrum.

– Me må tenkje butikk og plassere oss der me er lett tilgjengeleg for kundane, seier han. Sjølv om Jysk no reiser ifrå eit tomt lokale i sentrum, trur han nyetableringa på Glitre styrkjer Gol som handelsstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange distriktsbutikkar slit med konkurranse frå netthandelen. Det fryktar ikkje Holsen.

– Netthandelen vår blir registrert på postnummer. All omsetnad frå hallingar som handlar på nett, gir pengar i kassen til den lokale butikken, seier han.