Ordførar i Ål, Solveig Vestenfor (midten), seier ho er klar for å høyre kva Ap lokalt meiner om bustadtiltaket i kommunen: – Eg er veldig open for kva gruppa meiner. For det er viktig å tenke eventualitetar. Det er ikkje alltid alt ein ser når ein blir begeistra for ein sak.

Open for å tenkje annleis om bustadtilskot: – Det er ikkje alltid alt ein ser når ein blir begeistra for ei sak

Saka om bustadstøtte kjem opp i Ål formannskap måndag. Dei treng meir pengar.

Senterpartiet er klar for putte meir pengar i potten, Høgre meiner saka burde vore greidd ut meir. Arbeiderpartiet er i tenkjeboksen, skal me tru ordføraren.

– Det har vore ein fantastisk respons, konstaterer Ål-ordførar Solveig Vestenfor om bustadtilskotet dei lanserte for eit par veker sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil høyre på gruppa

Ho støttar Senterpartiet og Ivar Brevik sine vurderingar i saka, når han seier det er utgifter som kjem tilbake som inntekter.

– Men så er det mykje pengar. Er dette rett måte å prioritere det overskotet me har? Det trur eg det vil bli ein runde på, også i partiet vårt.

Arbeiderpartiet i Ål hadde denne veka gruppemøte på saka. Vestenfor er på landsmøtet til Arbeiderpartiet og deltok ikkje.

– Eg er veldig open for kva gruppa meiner. For det er viktig å tenke eventualitetar. Det er ikkje alltid alt ein ser når ein blir begeistra for ei sak.

Les også
Støttar 20 millionar ekstra til bustadstøtte: – Eg ser på det som ei løysing for å byggje Ål-samfunnet

Etter å ha sett på tala som vart lagt fram frå kommunen, på kor mange søkjarar og kva for prosjekt det er søkt om, blir ordføraren glad.

– Det er på mange måtar veldig bra at unge folk får ein start i bustadsituasjonen. Det er god breidde i kva for prosjekt folk er i gang med. Nokon med gard, andre med bustader i grender og i sentrum. Så ser me at private aktørar kan ha fordelar av dette.

Sjå til Hol?

– Det har vore nokon som ikkje får tilsegn fordi dei starta bygging eller kjøpte seg hus «for tidleg», er det rettferdig?

– Det har vore uro rundt at det har gått vel fort og vorte urettferdig med tanke på dei som kjøpte hus i mars. Det skjønar eg, men ein må sette ein dato.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
50 unge har søkt bustadtilskot - vil auke potten med 20 millionar

Det formannskapet skal ta stilling til måndag er om potten til bustadtilskot, som alt er tom, skal aukast. Det dei landar på no blir viktig med tanke på at folk skal vite kva dei har å forhalde seg til, meiner Vestenfor.

– Ein ting er å gje tilbakemelding til dei som er interessert, ein annan ting er å gje forutsigbarheit over tid. I Hol har dei til dømes sett ei grense på ti prosent (dei gjev tilskot på maks 200.000 kr, red.merk.), er det ei innretting å sjå på? Det blir ein viktig diskusjon måndag.

– Seier noko om behovet

For sjølv om vedtaket alt er gjort i kommunestyret kan eit nytt vedtak endre det som gjeld i dag. Vestenfor er ikkje framand for å sjå det store biletet.

– Det er alltid nye moment som kan koma, og kjem det nye saksopplysningar eller viktig info, så kan ein ta opp att ei sak. Det var fleire enn meg som vart positivt overraska over at det var så mange som var interessert så fort, og noko me ikkje visste om på førehand. Det kan seie noko om behovet også.

Les også
Har støtta unge etablerarar i mange år: – Det er eit populært fond som må byggjast opp igjen

Vestenfor meiner mange ikkje har hatt eigenkapitalen som trengst for å koma seg på bustadmarknaden, og at denne moglegheita bidreg til eit oppstartsrush som igjen gir mange søknader.

– Ideelt sett er det viktig å vera forutsigbar over tid. Det er fint å vite at ein om to år også kan søkje om pengar. Me må leggje eit godt grunnlag for det også.