Ein 90 år gamal mann omkom laurdag kveld i ei traktorulykke i Hol.
Ein 90 år gamal mann omkom laurdag kveld i ei traktorulykke i Hol.

Omkom i traktorulykke

Ein 90 år gamal mann døydde etter ei alvorleg traktorulykke i Hol laurdag kveld.

Ulykka skjedde ved Stølssletto på Varaldsetvegen i Hol.

– Det ser ut til at det har skjedd i samband med brøyting. Traktoren har reist utfor ei 10 meter høg skråning, opplyser Tore Grindem, operasjonsleiar i Sør-Øst Politidistrikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 19.43 og naudetatane kom raskt til staden. Men føraren vart alvorleg skadd, og klokka 20.40, ein knapp time etter at ulukka vart meldt, opplyser politiet at mannen døydde av skadane han fekk i ulukka.

– Pårørande er varsla, melder politiet på Twitter.