annonse

Omkom i arbeidsulykke

Fekk melding kl 15.49:
Fekk melding kl 15.49: Naudetatane rykte ut, men livet stod ikkje til å redde. (Foto: Arkiv)

Ein mann kom i klem under ein lastebil i Gol onsdag ettermiddag.

Bjarne Tormodsgard

Ein mann i 30-åra omkom i ei arbeidsulykke i Gol onsdag ettermiddag.

Ulykka skjedde då mannen var i gang med reparasjonsarbeid på ein lastebil. Mannen kom i klem under lastebilen og omkom.

Ulykka skjedde litt før klokka 16. Alle naudetatane og luftambulansen i Ål vart varsla. Det vart sett i gang livreddande fyrstehjelp, men livet stod ikkje til å redde.

Mannen vart erklært død på staden.

Den omkomne er utanlandsk statsborgar. Han var for tida busett i Hallingdal og arbeidde i firmaet der ulykka skjedde.

Operasjonsleiar Beate Sem ved politiets operasjonssentral på Hønefoss vil førebels ikkje gå ut med namnet på firmaet der ulykka skjedde.
- Dette kjem me attende til i morgon når me har fått meir oversikt over situasjonen. Men ulykka har gjort eit sterkt inntrykk og pregar sjølvsagt dei tilsette, understrekar Sem overfor Hallingdølen.

Ifølgje Sem er Arbeidstilsynet rutinemessig varsla. Politiet og Arbeidstilsynet startar etterforskinga torsdag.

- Førebels kan eg ikkje seie noko om ulykkesårsaka. Dette får me meir klarheit i når Politiet og Arbeidstilsynet kjem i gang med arbeidet sitt, seier Sem.

annonse