Vetle Sjåstad Christiansen vart til slutt nummer 13.

OL-nedtur: Bom, bom og bom for Sjåstad Christiansen

OL-debuten vart ikkje slik han håpte på. Vetle Sjåstad Christiansen skaut seg rett og slett ut av medaljekampen på normaldistansen.

Geilingen opna bra, men alt etter to skytingar hadde han drege på seg tre bom. Det er to for mykje til å hengje med i det gode selskap.

Best i det gode selskapet var franske Quentin Fillon-Maillet, framfor kviterussiske Anton Smolski på sølvplass. Johannes Thingnes Bø sørga for ein norsk opptur då han tok OL-bronse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Christiansen fekk til slutt med seg ein 13. plass frå sitt aller første OL-løp.

Dobbel bom på andre

Løypene i kinesiske Zhangjiakou var perfekt preparert før normaldistansen tysdag formiddag. Til og med den frykta vinden hadde bestemt seg for å spele på lag, dermed låg alt til rette for eit tett og jamt løp.

Les også
Derfor kan han ikkje ringe familien før OL-debuten: - Dei er nok meir spent enn meg

Sjåstad Christiansen hadde planen klar før han gjekk ut i OL-sporet. Han sa på førehand at han hadde respekt for høgda, og at han ville vere audmjuk og opne smart.

Det gjorde han - men likevel var farten på første runde meir enn god nok. Inne til første skyting leverte han fire gode skot - men det femte og siste kom kjapt, og gjekk utanfor den svarte blinken.

Vetle Sjåstad Christiansen viste god langrennsform, men det vart nokre bom for mykje.

Dermed drog han på seg eit tilleggsminutt på den første av fire skytingar.

Og fleire skulle det bli. På andre og ståande skyting fekk Sjåstad Christiansen to nye bom. Dermed var medaljekampen ein saga blott for geilingen, som fekk tre tilleggsminutt.

To fulle hus

Tredje skyting var derrmot veldig god, og Sjåstad Christiansen skaut fullt hus. Han følgde opp då han kom inn på matta for fjerde og siste gang, og banka ned nye fem blinkar.

To fulle hus er ei god avslutning, men det hjelpte lite - dei tre bomskota sende han langt ned på resultatlista til ei beskjeden plassering. Likevel var det positivt å sjå langrennsforma som Christiansen viste på distansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den gir godt håp om at geilingen kan melde seg på i løpa som kjem. Det neste som ventar er sprint, startskotet går laurdag klokka 10.

Les også
- Goffa likte best å fortelja om korleis OL-løypene var sett. Men iblant drog han til og fortalde om folkefestane og kjendisane
Les også
Blir TV-kommentator: – Målet er at tante og onkel skal forstå, og kompisane mine syns det er kult