Illustrasjonsbilete.

Nytt smittetilfelle i Gol: - Me kjenner at me har kontroll

Sundag vart ein person bekrefta koronasmitta i Gol. Tysdag kveld fekk kommunen nok eit positivt prøvesvar.

– Det er samanheng mellom desse to, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

Sundag vart det meldt at fleire personar ville bli testa som følgje av det første positive testsvaret. No er nok eit tilfelle bekrefta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vedkommande har det fint. Fire nye personar er sett i karantene, seier Thurainayagam.

– Det er ryddige forhold, og me har kontroll.

Dei fire som er sett i karantene er også testa.

– Smitteverntiltak er sett i verk, så det er ikkje fare for vidare smitte, seier Thurainayagam.

Les også
– Håpar me greier roe ned koronasmitta, så folk får feira jul saman
Les også
Innfører koronapatrulje