Eit nytt og stort nettselskap skal ha ansvaret for denne linja og straumnett til 60.000 kundar i store delar av Buskerud. Namnet på selskapet er enno ikkje klart.

Nytt nettselskap: Hovudkontoret og arbeidsplassane blir som før

Samanslåinga av nettselskapa Hallingdal Kraftnett og Føie får ingen konsekvensar for dei lokale arbeidsplassane.

Fusjonen var eit faktum frå 1. januar, og det er energikonserna Vidju Holding og Ringerikskraft som slår saman sine nettselskap.

Vidju Holding, som er eigd av hallingdalskommunane, og Ringerikskraft skal eige 50 prosent kvar i det som no skal «samkøyrast» til eit felles nettselskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Blir verande

Selskapet kjem til å ha ansvar for straumnettet til 60.000 kundar i Hallingdal, Ringerike, Nore og Uvdal og Hole.

– Alle arbeidsplassar blir verande der dei er, var meldinga frå selskapa då nyheita om fusjonen kom rett før jul.

Akkurat det har også Hol-ordførar Sigrid Simensen Ilsøy (Sp) forsikra seg om. I formannskapet sist veke informerte Ilsøy om at ho hadde teke kontakt med leiinga i Vidju og fått stadfesta at arbeidsplassane i Hallingdal er trygge og at forretningsadressa framleis er Hol med hovudkontoret lokalt på Geilo.

– Det stemmer, stadfestar dagleg leiar Audun Grynning i Vidju.

Det blir heller ei styrking av miljøet, seier Grynning.

– Eg er glad for at dette er stadfesta, seier Ilsøy.

Les også
Slår saman lokale nettselskap; får 60.000 kundar: – Dette er både eit viktig og rett grep

Nytt namn

Då nyheita om samanslåinga kom i slutten av desember, sa Grynning og Alf Inge Berget i Ringerikskraft at dei har tru på at større einingar, sterkare fagmiljø, auka kompetanse og sterkare beredskap gjer selskapa betre rusta til å møte nye krav og utfordringar i åra som kjem.

No handlar det om å bygge det nye selskapet, der Grynning blir dagleg leiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På papiret er fusjonen gjennomført, men me er ikkje gjennom alle dei formelle trinna, seier Grynning.

– Namnet, då?

– Det har me ikkje klart og her ønskjer me gode innspel. Det blir nok ikkje Hallingdal Kraftnett, men det går nok litt tid før namnet er på plass.

Det nye selskapet kan også få inn 5000 kundar frå Hemsedal Energi. Vidju Holding har inngått intensjonsavtale med Hemsedal Energi og fusjonen skal behandlast i eit eigarmøte og kommunestyre 31. januar.