Tom Rune Hagen.
Tom Rune Hagen.

Nye tips etter lovnad om dusør frå familien

Det er kome inn nye tips etter at familien til den sakna Tom Rune Hagen lova ut ein dusør.

– Kor mykje me skal legge i desse tipsa er for tidleg å seie, men me skal følgje dei opp, seier politiførstebetjent og etterforskingsleiar Halvard Haraldset Jervell.

Før jul gjekk familien ut i VG og lova ut ein dusør på 23.000 kroner for opplysningar for tips som kan føre til at forsvinninga blir oppklara.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen spor

36 år gamle Tom Rune Hagen frå Uvdal vart siste gong observert den 30. juli i år.

Etter det har han vore sporlaust borte. Det er gjennomført fleire søk etter han utan resultat.

– Politiet arbeider framleis med saka, men ikkje med same aktivitet som tidlegare, seier Jervell.

– Me får inn opplysningar frå publikum no og då, men det er ikkje noko nytt i saka.

– Har politiet ein teori om kva som kan ha skjedd med han?

– Nei. Me held alle moglegheiter opne. Me har ingen konkrete opplysningar som tilseier det eine eller det andre.

Kva har skjedd?

Familien hans trur han har vore utsett for noko kriminelt.

– Me kan ikkje utelukke noko i denne saka, seier Jervell.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Blir det sett i gang fleire søk etter Tom Rune Hagen?

– Me må ha konkrete opplysningar for å setje i gang søk. Familien hans gir seg ikkje før dei har fått svar, og det kan bli nye søk i deira regi. Opplysningar som er kome inn er følgd opp med søk. Det er søkt i fleire område etter han, seier Halvard Haraldset Jervell.