Laushund gjker skade på sau i Hemsedal
Laushund gjker skade på sau i Hemsedal

Nye lammedrap sundag kveld

Hemsedal: Hunden som sist veke drap over ti lam og skadde fleire ved Bergastølen kom sundag kveld laus ved Markegardslia.

Førebels er fire lam funne skadde. Tre av dei vart  avliva sundag kveld. Eit lam får tilsyn av  veterinær.

Hallingdølen fekk opplyst at hunden stakk av ved 17- tida sundag, ved at den hadde hoppa over eit gjerde ved hytta der eigarane oppheld seg.Andre vitne meiner den kan ha vore laus også laurdag. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Eigaren av dei skadde lamma er Olav Veslestølen i Lykkja. Han var sjølvsagt prega av situasjonen og hadde ikkje mykje å seie hundeeigarane då han henta eit daudt lam innanfor gjerdene deira.

- Eg varsla politiet tre gonger i vinter om denne hunden. Den var inne på garsdtunet mitt, fortel han.  

Fleire sauebønder som har sau i området gjekk manngard sundag ettermiddag og kveld. Fleire bar våpen.

Politiet var og på staden med ordre om å skyte hunden om den dukka opp. Bøndene kan berre skyte om hunden går til angrep på husdyra.

Politiet organiserte folka der dei kunne.

Å ha ein drapsmaskin av ein hund laus på utmarksbeite når natta fell på, er eit svært stort problem. Det viktige er å ha folk ute for å passe sauen. Fleire søyer er observert utan lam. 

- Eg må sanke inn alle i orgon, fortel ein fortvila saueeigar Veslestølen til Hallingdølen.