Deleigar og dagleg leiar Mette Nielsen (t.h.) meiner det trengst ein sportsbutikk som Sport Outlet på Flå. Både med tanke på vareutval, samstundes som butikken er med på å kreere fleire arbeidsplassar i bygda. Her saman med kollegaene Joachim Fosse Martinsen og Kristina Stavn. Nielsen er nøgd med å ha lokale ungdommar på laget.

Ny sportsforeining på Flå

Flå har fått ny sportsbutikk – ein såkalla «outlet». - Det er ikkje noko liknande i heile Hallingdal, fortel dagleg leiar Mette Nielsen.

Det nye veksthuset på Flå har fått neongrøne- og rosa sjatteringar. Plakatane skrik om billige prisar og kjende merkevarer. Innanfor døra er interiør av europallar og armeringsjern kledd med sportsutstyr og -klede.

– Me er ein fullverdig sportsbutikk, og satsar særleg på tur og fiske, seier Mette Nielsen. Ho er deleigar og dagleg leiar i butikken Sport Outlet som no har etablert seg på Flå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vestlandsbedrift

Sport Outlet er ei kjede som har sitt utspring i Bergen. Butikken på Flå er den 12. i rekka. Kjeda si satsing på Austlandet er framleis i si spede begynning.

Konseptet er at butikkane sel ei blanding av eigenproduserte varer, samt overskotsvarer frå andre leverandørar og kjeder. Alt av hyller, prøverom og veggoppheng er laga av europallar og armeringsjern, noko som er ein del av Sport Outlet-konseptet.

Storleiken på butikkane varierer. I Flå er 350 kvm no fylt med sportsutstyr.

Ordførar Tor Egil Buøen klipper bandet og erklærer den nye sportsbutikken i veksthuset på Flå for open. Deleigar og dagleg leiar Mette Nielsen fylgjer spent med.
Ordførar Tor Egil Buøen klipper bandet og erklærer den nye sportsbutikken i veksthuset på Flå for open. Deleigar og dagleg leiar Mette Nielsen fylgjer spent med.
Det har vore mykje trafikk på Sport Outlet på Flå sidan opninga torsdag. – Meir enn me kunne drøyme om, seier Mette Nielsen som er dagleg leiar og deleigar i butikken.
Det har vore mykje trafikk på Sport Outlet på Flå sidan opninga torsdag. – Meir enn me kunne drøyme om, seier Mette Nielsen som er dagleg leiar og deleigar i butikken.

– Det er noko nytt og spennande, fortel Nielsen. Sportsbutikkar i Hallingdal er det mange av, men denne er annleis, meiner ho.

– Det er ein sjanse dette, men ein må vera litt galen også, legg Nielsen til. Ho har tidlegare vore tilsett i både Bjørneparken og Thon hotel Bjørneparken. No har ho lyst på nye utfordringar.

Opning

Torsdag spratt champagnen og bandet vart klypt. Premieredagane har vore travle for dei fem tilsette, då trafikken har vore stor.

– Denne starten er noko ein berre kan drøyme om. Utruleg morosamt og over all forventning, fortel Nielsen.

Ho meiner det har vorte ein «snakkis» i bygda. Mange nysgjerrige, lokale bygdefolk har vore innom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fiskeutstyrsavdelinga vitnar om stor trafikk, då hyllene alt er glisene. No er butikken førebudd på ein innkøyringsperiode for å bli kjent med marknaden.

Sportsbølgje

– Er det marknad for ein slik sportsbutikk på Flå?

– Ja, heilt klart. Det er ei god tid for sportsbutikkar no, svarar Nielsen. Kvifor det var akkurat sportsbutikk som vart starta opp i butikklokalet i veksthuset, veit ho ikkje. Men ho ser mange fordelar ved at butikken er lokalisert utanfor eit kjøpesenter.

– Det er gjennomgangstrafikken me kjem til å leve av hovudsakleg. Då må dei sjå oss, noko dei gjer no. Me får synt oss meir fram.

Sport Outlet er no den einaste sportsbutikken på Flå.